Finnøystupar vart heidra av ordføraren

Han trenar 6-7 timar kvar dag, og er både norgesmeister og nordisk meister i stup.Under ordførar Kari Nessa Nordtun sin nyttårsmottaking , vart også 23 år gamle Martin Nåden Dyrstad frå Finnøy heidra av den nye « finnøyordføren».

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Martin er den yngste av dei fire sønnene til Dagrunn og Rune Dyrstad Nåden, og studerer for tida i Bergen.Men storparten av tida brukar han likevel på å perfeksjonera seg med sikte på å bli så god i stuping som muleg.Det har resultert i nordisk meisterskap i synkronstuping frå både 3 og 10 meter.I tillegg vart han også nordisk meister i tårnstuping .Han fekk også den norske bestemannspremien under det same meisterskapet.Under den individuelle konkurransen i norgesmesterskapet tok han også NM-gull frå 10- meteren.Dette har på ingen måte gått upåakta hen hjå den politiske leiinga i den nye kommunen vår, der både Martin og fleire andre dyktige idrettsutøvarar frå Stavanger fekk overrekt prisar for innsatsen sin.

Publisert: