Det skal lagast ny kraftforsyning til øyane.|Ingvild Ween i Lnett.

FINNØY

: -Det er to ting eg reagerer på, det eine er at Lnett vil møta folk digitalt på teams. Det er langt frå alle som er komfortable med det. Dessutan er fristen til å koma med innspel alt 28. februar, noko er tykkjer er veldig raskt, seier Arild Flesjå frå Finnøy til Øyposten.,

Arild Flesjå Foto: FOTO: Arkivfoto

Arild Flesjå understrekar at det er viktig med betre tilgang på straum i øyane.

-Det er eg ikkje mot. Men det er viktig at alle alternativ blir grundig utgreidd, til dømes om det i større grad kan leggjast sjøkablar i staden for å gå over land. Dette er ei langsiktig investering som me skal leva med i mange år, påpeikar han.

Flesjå meiner Lnett bør koma til Finnøy og halda eit fysisk møte med dei berørte.

-Me har kjempegod plass i Fleirbrukshallen til dømes, det er ingen problemer å arrangere møte der med ein meters avstand eller meir, seier Flesjå til Øyposten.

Flesjå meiner også at det er viktig at Lnett synleggjer dei ulike alternativa for kraftlinja.

-Det er viktig at Lnett legg mest mulig til rette slik at folk veit kva som er planane og får full forståelse for kva som skal skje. Viss ikkje blir det fort til at prosjektet er best for utbyggjar, meiner Arild Flesjå.

Kommunikasjonssjef Ingvild Ween i Lnett AS seier at det er smitternreglane som gjer at det ikkje blir folkemøte på Finnøy.

-Det er utfordrande når det bare er lov til å ha 30 deltakarar på offentlege møter, seier Ween til Øyposten.

-Men nå blir restriksjonane letta på?

-Ja, men det er for kort tid for oss til å kunna gjera om på dette. Dessutan kjem me til å ha opne kontordagar på Finnøy kor grunneigarar kan få møta prosjektleiar og grunneigarkontakt, opplyser Ween.

Ingvild Ween i Lnett.

For Finnøy, Fogn og Rennesøy vil det bli på Innbyggartorget på Judaberg, onsdag 16. februar frå klokka 12-18. Opplegget er tenkt som halvtimes møter, med påmelding. Fristen for å koma med innspel er 28. februar.

-Kvifor er fristen så kort?

-Den kan kanskje verka kort, men dette er i forkant av at den offentlege prosessen som NVE skal leia  kjem i gang. Då blir det nytt møte og ny høyring der grunneigarar, naboar og andre tidleg kan koma med innspel. Også når me sender konsesjonssøknad vil det bli ei høyring, opplyser Ingvild Ween.