Året blei avslutta med skeiseis på Lauvsnesvatnet. Veninnene Rose Spanne f.v og Ida Spanne Fausk nyttar dei gode forholda på isen på å øva på nye kunstløp-ferdigheiter.|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||

januar 2021: Finnøy har vore med i nye Stavanger kommune i eit år, og sjukeheimen på Finnøy var saman med Tasta sjukeheim dei første i Stavanger til å få korona-vaksine. Margareta Reilstad var mellom dei heldige, og er godt nøgd etter å ha fått vaksinen av sjukepleiar Anne Selvåg Sunde.

januar: Stavanger-folk i hopetal søkte ut til islagde vatn på Finnøy og Rennesøy. Marianne, Sveinung og Hedda Lunde har funne seg godt til rette på Lauvsnesvatnet. Også på Dalestemmen på Rennesøy var det mykje folk, og til tider trafikkaos.

januar: Stavanger kommune kastar seg på batterifabrikk-karusellen, og spelar inn industriområdet på Hanasand som aktuell plassering for Hydro og Equinor sin nye batterifabrikk. Jan Mikal Hanasand er ein av fleire grunneigarar i området, og helsar planane velkommen. Men draumen om opptil 2000 arbeidsplassar på Rennesøy brast.

januar: Korona’en legg kjelkar i vegen for sydenturen for mange øybuar. Inge og Synnøve Rørheim kosar seg med minner frå tidlegare sydenturar, og håpar det blir fleire. Men dessverre festa koronaen grepet, bare endå sterkare.

februar: Farvel til drivhuset Alchemilla på Rennesøy. Eli Rydningen hadde det travelt med å ekspedera kunder, for mange ville sikra seg ein godbit frå drivhuset. (Foto: Terese Torgersen)

februar: I strålande vintervêr kunne presten i Hesby, for anledningen utstyrt med ropert, ynskja velkommen til ei historisk gudsteneste på isen på Lauvsnesvatnet. Både trufaste kyrkjegjengarar og andre fant vegen til vatnet denne søndagen, rapporterte Øyposten. Viss det ikkje hadde vore for snø og is, kunne det vore eit motiv frå Genesarets sjø.

februar: TV-suksessen «Atlantic Crossing, og kronsprinsesse Mãrthas dramatiske flukt og opphald i USA som gjest hos president Roosevelt, blei til mellom anna med hjelp frå Rennesøy. Begge dei to fine museumsskutene «Peder W» og «Hulda» var med på innspelinga.

februar: Den kalde, tørre vinteren førte til massedød av rugder på Finnøy. Finnøy-bonden Gaute Halleland fann rundt 50 døde fuglar på ei lite område.

februar: Østhusvik har fått ein liten rennesanse etter at det nye Ryfylkesambandet har begynt å trafikkera den gamle rutebåtkaien. Ferja er utstyrt med spesialdesigna ferjelem, og trafikkerer mange av øyane utan ferjakai i Ryfylke. Her blir ein av dei første bilane, med reisande frå Helgøy i Årdalsfjorden, vinka på land.

mars: Den nye tida har innhenta fisterøyane Sør-Bokn, Måløy og Tjørn. Lyse legg fiber frå Fogn til øyane, og mellom dei som har fått glede av det er Åge Andersen på Sør-Bokn.

mars: Grethe og Tom Kolbjørnsen er Fogn-ekteparet som går mot straumen. I ei tid med fiber, data og mobiltelefon satsar dei på god, gammaldags fasttelefon. -Det er mykje tryggare, seier Grethe Kolbjørnsen. Men Telenor opplyser at dei gammaldagse koparlinjene skal kuttast ut i 2022, altså i år.

mars: Utsyn framstår i splitter ny drakt. Prislappen på renoveringa var, då Øyposten var på besøk, seks millionar kroner. Mellom anna er heile kortveggen i spisesalen dekorert med bilete av utsikten frå steinkorset på Bergevarden. Svanhild Eggebø Spanne, i midten, gjekk frå Ryfylke Livsgnist til jobben som assisterande dagleg leiar på misjonssenteret.

mars: Kompanjongane Arvid Nådland og Martin Eltarvåg set si ære på å halda alle dei 10 kyrkjegaradane i Rennesøy kommunedel i plettfri stand. Skeive gravstøtter, ujevnheter i terrenget og uslådde kyrkjegardar er noko av det verste dei veit. Her er dei i gang utfor kyrkja på Askje.

mars: Det skal fortsatt vera liv og aktivitet på Furre-garden i Sjernarøyane, lovar Johnny Johannes Furre, her er saman med dottera Hanne Fagerheim Furre utfor Sjernarøy Maritim. Då faren, gründeren Fridtjov Furre, brått gjekk bort, måtte han kasta seg rundt og overta drifta av utestaden.

mars: Fylket ga 15.000 til skjøtsel av den trollgamle eika hos Reidar Hauge og Beate Hauge Østlund på Kyrkjøy.

april: Skjætorsdag i påskeveka var det duka for bryllup i den gamle, rosemåla trekyrkja på Sjernarøy. Det var det einaste bryllupet i øyane denne påsken. Steffen og Rattchani Tapio sa ja til kvarandre, under oppsyn av pensjonert sokneprest Olav Kristian Tangeland. Dert er familien til brudgommen som kjem frå Sjernarøyane.

april: Lemminga er i full gang hos sauebøndene, mellom anna hos Iren Vestersjø Hidle på Nord-Hidle. Ho er hekta på sau, ganske mykje over middels, og i tillegg til dei på fire med ull på kroppen, er «hybelen» i sauehuset pynta nærast med alt tenkeleg som har med sau å gjera.

april: 5., 6. og 7. klasse på Ombo, Sjernarøy og Fogn bør flyttast til sentralskulen på Finnøy, blir det foreslått i skulebruksplanen. Forslaget møter sterke protestar, og er foreløpig droppa. Her viser ein gjeng spreke elevar ved oppvekstsenteret på Ombo fram sine kunster i skulegarden.

april: Kommunen snur, og vil likevel vera med på eit spleiselag for å gje Dale-bygda på Rennesøy kommunalt vatn.Jostein Kristian kan truleg i løpet av året skåla i vatn frå Gjesdal eller Bjerkreim. Til nå har han måtta stola på at det er vatn i brønnen på garden.

mai: «Restauration» er «back in business». Cato Østerhus har sørga for å setja skuta, som er bygd på Finnøy, i topp stand. Nå pryder ho kaien utfor hotellet hans på Mosterøy, men kanskje blir ho å sjå i innseglinga til New York om tre år. Då er det 100 år sidan den originale «Restauration» ga seg i kast med ferda over havet til det forgjettede land.

mai: Forestillinga «Haugespor», eit omtrent hundre prosent Finnøy-prosjekt, om livet til Hans Nielsen Hauge, hadde premiere i Utstein Kloster-kyrkja. Øyposten sin anmeldar ga forestillinga terningkast seks. I 2021 var det 250 år sidan Hans Nielsen Hauge blei fødd.

mai: Øyposten brettar ut full dekning av 17. mai både i Finnøy og Rennesøy. Det er flagg, tog, traktorkortesjar og musikk til den store gullmedlajen. På Talgje viste desse to sprekingane, som skal gifta seg til sommaren, sine kunster frå ein traktor. Det var Julie Berland og Kristian Kavli.

mai: Den nye og den gamle tida side om side ved kaien på Judaberg. Rødne sin nye kombinerte ambulanse- og brannbåt «Rygermedic» klappa til kai på Judaberg. -Ein drøymeplass å jobba, seier skipper Sølve Helge Knutsen. Det varte ikkje lnge før båten fekk sin eldprøve, i ein brann i Fister, som båten bestod med glans.

juni: Slåtten er i gang. På Finnøy er Rasmus Tungland i gang med høyvending i finværet på Nordre Vignes. Han køyrer til vanleg for Rennesøy Trafikk, men har permisjon for å gje seg slåtten i vald.

juni: Nyheten om at bommen skal fjernast i Finnfast slår ned som ei bombe både på Finnøy og Rennesøy. Frp fekk gjennomslag for dette i statsbudsjettet, og Terje Halleland, May Helen Ervik og Roy Steffensen i Rogaland Frp jublar. Ei anna overrasking var at Schibsted overtek Øyposten.

juni: Uventa er det også at Schibsted kjøper seg inn i Øyposten. Investor Stephan Dickinson sel 80 prosent av aksjane, og direktør i Schibsted, Øyulf Hjertenes (ved enden av bordet) og redaktør Lars Helle i Stavanger Aftenblad kjem på besøk til Øyposten. Med i handelen går også Øyposten-selskapet Randaberg 24. Nokre månader seinare sel Dickinson også dei resterande 20 prosent av aksjane sine i avisa til Schibsted.

juni: Fotballaget på Finnøy skal heretter spela i svarte shortsar, og ikkje lenger i dei kvite. Det er eit brot med fortida, men Finnøy sin fotballnestor, Tore Ldstein, ser det praktiske i å skifta farge. -Du slepp i alle fall å vaska dei så ofte, seier han.

juni: Foreldre flyttar barna sine frå sentralskulen på Finnøy til Tau. Denne hausten var det 12 elevar frå same klassetrinnet på sentralskulen som har den kristne grunnskulen på Tau som reisemål. Øyposten møtte fem foreldre som er kritiske til tilbodet på Finnøy sentralskule.

juli: Ein historisk dag på Finnøy. Bommen i Finnfast blir fjerna med stor ståhei. Finnøy Betong er ei av bedriftene som gledar seg over bomfritt i Finnfast, og feirar storhendinga med Finnfast-kake. Her får Lukas Zuravliovas servert ein saftig munnfull av Kathrine Flesjå i Finnøy Betong.

juli: Fredrik Rørheim og Randi Westersjø-Christensen seier ja til kvarandre på Bandfåsen, 514 meter over havet. Det skjedde på dagen 13 år etter at dei traff kvarandre. Viinga var det sokneprest Ola Aasland Vold som tok seg av.

juli: Butikken i Eriksholmen åpna dørene 9. juli med raud løpar, ballongar og god stemning. Jan Atle Norheim og Kine Aartun Norheim, som skal overta drifta, stod for snorklyppinga.

juli: For første gong blei det arrangert gudsteneste på Byre. Det var ei historisk hending som samla mykje folk, og det klang godt då klokkaren på Fogn, Dag Olav Sæbøvåg, ringde inn til gudsteneste ved å slå på eit jernspett.

august: Artistane Hanne Vasshus og Mari Hauge arrangerte ein musikalsk minifestival i hagen til Vasshus på småbruket «Myrå» på Kyrkjøy i Sjernarøyane. Det blei ein kjempesuksess, og dei to lovar ny festival til sommaren.

august: Tor Bernhard Harestad har kontakta Bellona og Fredrik Hauge for å inspisera dei to gamle rustholkane av nokre supplyskip som ligg fortøyd ved kaien på Bru. Etter å ha vore om bord i båtane, viser Hauge kor mykje miljøfarleg gruff det er om bord, væsker som lett kan leka ut. Nå ser det ut til at i alle fall den eine båten snart blir fjerna.

august: Middelalderkyrkjene i Hesby på Finnøy og på Sørbø på Rennesøy skal bergast frå den skadelege behandlinga dei blei utsett for for nokre år sidan. Då blei det brukt sement og plastmaling, noko som er fyfy på gamle steinmurar. På Hesby heller Morten Stige Leska kalk i karet, som skal brukast på fasaden i Hesby-kyrkja.

august: Det er Tomatfestival og mykje spennande og moro på programmet. Mellom anna blei det arrangert Afternoon Tea-cruise i øyriket med Rødnes «Rygerelktra». Her blir ein venninnegjeng frå Talgje servert av Ellen Undset frå Restauranten No 18 i Stavanger.

august: Etter fleire tilfeller av hærverk på Frp-banneret på Nådå, fekk det endeleg stå i fred etter at desse partivennene hadde sett det opp. Finnøybuen Ingvar Falkeid betalte for nytt skilt frå eiga lomme.

september: Ein epoke er over på Nesheim i Sjernartøyane. Butikken blir nedlagd etter 70 år. Både kunder og dei som jobbar i butikken synes det er stusseleg, men livet går vidare, som det heiter på Sunnmøre. Ein av dei som var innom siste dagen var Sverre Kvelkland, som hugsar at det var stor stas då butikken åpna i nye lokaler på 70-talet.

september: Varaordføraren i Stavanger, Dagny Sunnanå Hausken, åpna den nye skulehagen i Vikjevåg, og plata eit epletre i anledningen. Til det fekk ho god hjelp av elevane Tuva R. Olsen og Leon Aslaksen.

september: Den nye ferja «Hidle» er endeleg heime, etter å ha vore på reis i langsamelege tider, og lege vêrefast i Portugal. Menn til slutt kunne skipper Helge Lunden frå Finnøy føra ferja trygt til Stavanger, og vidare til Ølen for «modifisering». I begynnelsen av desember blei ho sett i rute i Finnøysambandet.

september: Det er stortingsvalg, og innbyggjarane på Halsnøy og Nord-Hidle kan for første gong ikkje avgi stemme på heimeøya. Kåre Bjerga var mellom dei frå Halsnøy som tok turen til Judaberg for å gjera si borgarplikt. Her legg han stemmesetelen i urna til Marie Therese Reilstad.

september: Pandemien gjer det nesten umulig å få tak i utanlandsk arbeidskraft. Gartrnarane er skvisen, og hos Golf Gartneri blei løysinga å be NAV om hjelp. Sander L. Hagta og Morten Hærem Wesnes er glade for å ha fått jobb i eplehagen til Roald og Marianne Kåsen Voll på Ombo.

september: Hausten kom med den første stormen, og på Dale på Rennesøy måtte ei 300 år gammal, diger eik gje tapt for naturkreftene Den flotte eika finst i statsforvaltaren sitt register over eiketre som er verd å ta vare på, men slik ville ikkje stormen det.

oktober: Finnøy har fått eit nytt mattilbud. Cindy Falkeid har åpna ein fancy foodtruck på kaien, og salget går strykande. Der serverer ho hambugrarar, wraps og anna godt for ganen.

oktober: Vegen over heia mellom Østhusvik og Vikevåg skal utbetrast. Arbeidet skulle vera ferdig til jul, men nå viser det seg at det går endå nokre månader før vegen åpnar igjen. Den berykta vegen er snarvegen for alle som skal frå Østhusvik, og det er Rolf Tvedt i Lindanger Maskin som har jobben med å flikka på han.

oktober: Nå går det an å ta taxi heilt frå byen til Finnøy for bare 50 kroner. Tilbudet er kvar fredag kveld og laurdag kveld, og er først og fremst for ungdom under 24 år, men også eldre kan bli med viss det er plass. Tilbudet har slått godt an hos denne ungdomsgjengen frå Finnøy.

oktober: Mens det blir grubla på framtida for Vikevåg, opplever butikken «Lykkelig» ein «eventyrleg suksess». Det er Lene Bø-Pedersen Dalaker som har drifta butikken i 11 år, og ho vil gjerne utvida. Men om det er mulig, er ho usikker på. Ho peikar på at det ikkje finst eigna ledige lokaler, og heller ikkje er planar om nye.

november: Fullt hus på gjenåpningsfesten i Fleirbrukshallen på Finnøy. Det var god stemning og mange flotte artistar, men kor lenge var Adam i Paradis. Nå mer det tilbake til korona-kvardagen igjen, med slutt på det meste som er moro av uteliv. Denne gjengen hygga seg i alle fall kraftig på festen i Fleirbrukshallen.

november: Eldsjela og finnøybuen Arild Flesjå sluttar i jobben i Lyse, etter nestan 50 år som elverksarbeidar. Han har rykka ut seint og tidleg når noko har stått på eller nopkon har mista straumen. Det siste oppdraget hadde han på Ombo. Men sprek er 70-åringen fortsatt, som dette biletet viser.

november: I Rennesøy er det dukka opp eit nytt firma. Det er «Kristian Maskin», og bak står ein 16 åring. Kristian Noraas Asbjørnsen har kjøpt seg gravemaskin til 250.000 kroner, og er på utkikk etter mindre graveoppdrag. I tillegg går han på bygg og anlegg på vidaregåande.

november: Det var ingen støre lemmer eller vonde ryggar då barn og unge inntok Fleirbrukshallen på Finnøy denne «superhelga». Laurdag var det aktivitetsdag, og søndag var det «turnen» sin tur. Då fekk dei frammøtte sjå balansekunstar som dette.

desember: Det er advent, og Judaberg framstår meir pynta enn nokon gong. I bjørka utanfor Bethel har kommunen sine folk hengt opp søte julehjerter med lys i. På Julemarknaden på Utstein Kloster var det ikkje mindre enn 3500 besøkjande fordelt på to dagar. Ingeborg og Øyvind Eggebø kosa seg saman med barna Sondre og Ina på adventsåpninga på Judaberg.

desember: Vinteren kom på overraskande besøk til øyane, med snø og spinnglatte vegar. På Judaberg og på Hanasand fekk laksetrailarar trøbbel, og på Kyrkjøy i Sjernarøyane enda Hernnig Stokke i grøfta med bilen sin. Heldigvis slapp han uskadd frå uhellet.

desember: Det vanka blomster til dei første reisande med Norled si nye ferje «Hidle» i Finnøysambandet. Ferja blei godt motteken av dei reisande på jomfruturen, og i tillegg til blomster til dei reisande, vanka det kake til mannskapet. Verner Mannes skulle på jakt på Ombo, og fekk blomster av overstyrmann Brit Bore.

desember: Snart jul, og desse fire spreke badenymfene skal ta eit av årets siste bad i Kvitevika på Finnøy. Sjøen held knapt meir enn nokre få raude, men dei fire meiner det er både herleg og forfriskande. Frå venstre Berit Marie Hopland, Signy Bråtveit, Astrid Frise og Solfrid Skadsem, alle med nisselue til ære for Øyposten sine lesarar.