STAVANGER: Sida inneheld ei rekke kommunale tenester som langt på veg er skreddarsydd for den enkelte brukar. Sida krev bankID-innlogging.

– Dette er byrjinga på mykje spennande. Det blir enklare for kommunen og meir effektivt for innbyggarane, seier innovasjonsdirektør Birger Clemetsen.

Så kva kan du forventa å finna på di personlege side.

– I fyrste omgang har me samla ein del av dei tenestene me allereie har, tenester som krev innlogging og som er tilpassa kvar enkelt innbyggar. Me har allereie kopla det saman med renovasjonstenestene slik at du automatisk får opp neste tømmedag. Du finn også brev frå kommunen, fakturaene du har fått av kommunen og ein enklare veg rett inn i Varsle om feil (VOF), det seier prosjektleiar Tone Gaard.

Løysinga skal byggjast ut med fleire tenester etter kvart. Gaard ber difor om innspel.