162 konkurrerte om pokalar i Sjernarøy fiskefestival

Bra oppmøte men dårleg fiske, er konklusjonen til arrangøren av Sjernarøy fiskefestival.

Eira Lima Wyn-Jones (t.v.) og Geir Rasmussen gjekk av med sigeren for største fisk i herre- og dameklassen. Den stilige fiskehatten er sydd av Ingrid Svanberg.
Publisert: Publisert:

SJERNARØY: Det var fiskefestival nummer 54 som laurdag gjekk av stabelen på Sjernarøy.

Arrangør Johnny Johannes Furre er godt nøgd med frammøtet, sjølv om det ikkje var rekord.

-Det var lite fisk å få, men slik er det ofte når det er fint vêr, seier Furre til Øyposten.

Geir Rasmussen og Eira Lima Wyn-Jones stakk av med vandrepokalane for størst fisk i herre- og dameklassen. Geir Rasmussen fekk ei lange på 3 kilo utfor Nygård på Bjergøy på ein svenskepilk, mens 8 år gamle Eira Lima Wyn-Jones halte opp ein torsk på heile 2,5 kilo.

Anne Eide frå Ombo fekk pokal for største torsk i vaksenklassen.

Resultatlista ser slik ut for barneklassen:

Størst lyr:

Henry Grude Thoresen, 2,2 kilo

Størst sei:

Thorleif Hetland, 1,1 kilo

Størst torsk:

Eira Lima Wyn-Jones, 2,5 kilo

Vaksenklassen:

Størst lyr:

Knut Arvid Lea, 2,1 kilo

Størst sei:

Harald Helgeland, 0,7 kilo

Størst torsk:

Anne Eide, 1,5 kilo

Størst fisk i herreklassen:

Geir Rasmussen, lange, 3 kilo

Størst fisk i dameklassen:

Eira Lima Wyn-Jones, torsk, 2,5 kilo

I klassen for flest arter blei det loddtrekning mellom Marius Jensen Jåtun og Eira Lima Wyn-Jones, som begge hadde seks arter. Her vann Marius Jensen Jåtun.

Vibeke Landsnes var fire minuttar for sein til å registrera fangsten. Dermed blei det ingen premie i år. -Neste år skal me vera på tida, lovar ho.
Det blei ikkje premie på denne gjengen i år, som stilte med splitter nye t-skjorter i anledning fiskefestivalen. Men dei fekk med seg Eira Lima Wyn-Jones, som til gjengjeld stakk av med to premiar.