–Må finna ei ordning kor reisande kan stå tørt

Fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg meiner reisande med båt frå Stavanger ikkje skal stå ute i vêr og vind.

Arne Bergsvåg (sp): -Folk må kunna stå tørt mens dei ventar på båten.
Publisert:

STAVANGER: Hurtigbåtterminalen blir stengd for reisande frå tysdag 16. august.

Fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg seier at det må finnast ei løysing kor «reisande kan stå tørt».

-Dei kan ikkje stå ute i vêr og vind. Det er heller ikkje alltid båten er i rute, og då kan det bli ein del venting, påpeikar han.

Surare seinare

Kolumbus har mellom anna antyda at dei reisande kan venta på kjøpesenteret Blå Magasin i nærleiken, men dette synes ikkje Bergsvåg er ei god løysing.

-Det er Kolumbus sitt ansvar dette, men eg veit at det har gått ein del epostar fram og tilbake i fylket om dette i dag, opplyser Bergsvåg, som legg til at fylkesordførar Marianne Chesak har utfordra Kolumbus til å finna ei løysing.

-Det hastar vel å finna eit alternativ?

-Det er klart at til lenger utpå hausten det går, til surare blir det å venta ute, meiner fylkesvaraordføraren.

Kolumbus har pengar

Reid Ivar Bjorland Dahl , nestleiar i samferdselsutvalet: -Dette må Kolumbus vurdera på nytt.

Tom Kalsås (ap), medlem av samferdselsutvalet i fylket, synes heller ikkje det er ei god løysing å henvisa dei reisande til eit kjøpesener.

-Det er viktig å sørga for gode fasilitetar for dei reisande. Eg kan ikkje umiddelbart lova gode alternativ, men dette må vurderast nærare, seier han.

Øyposten har ikkje lukkast å få tak i Ole Ueland, leiar i fylket sitt samferdfselsutval, men nestleiaren i utvalet, Reid Ivar Bjorland Dahl (krf) er krystallklar på at han meiner Kolumbus må vurdera saka på ny.

-Det Kolumbus si avgjerd dette, men det er veldig beklageleg at venteromet blir stengd for reisande, spesielt nå når det går mot haust og vinter. Eg merker meg også at Kolumbus seier det er dyrt å leiga venterommet. Då reknar eg med at det ikkje blir betalt leige etter at venteromet blir stengd, og då er det pengar i budsjettet til å leiga noko anna, meiner han.