Skular i Finnøy og Rennesøy får gratis skulemat
Fleirtalspartia har vedteke at det skal bli gratis lunsjmat frå hausten av både på Finnøy skule, Vikevåg skule og Rennesøy skule.
STAVANGER: Det opplyser leiar for utvalet for oppvekst og utdanning, Eirik Faret Sakariassen (SV) til Øyposten.
-Fleirtalspartia har bestemt å utvida ordninga til også å omfatta dei tri skulane i Finnøy og Rennesøy. Det gjer me både for å få ei god geografisk fordeling av ordninga, og som eit bidrag til å betra familieøkonomien for barnefamiliar nå når maten er blitt dyrare, opplyser Faret Sakariassen.
Han legg til at det politiske fleirtalet også vil be kommunedirektøren sjå på om ordninga også kan byggjast ut vidare til oppvekstsentra på Fogn, Ombo og Sjernarøyane.
Alle dei tre skulane melde si interesse, men kjem foreløpig ikkje med i ordninga.
Saka kjem opp i utvalet for oppvekst og utdanning onsdag, men det er klart at det blir fleirtal for å utvida ordninga.
Den praktiske gjennomføringa av opplegget vil kommunen koma tilbake til.
-Me legg ekstra pengar på bordet for å utvida ordninga. For SV er dette ei viktig sak. I tillegg til å styrka økonomien til barnefamiliane, ser me også at ikkje alle barn har mat med seg. Då er det vanskeleg å læra. Dessutan vil me tilby sunn og næringsrik mat, og i tillegg er det sosialt å samlast rundt eit måltid, seier Eirik Faret Sakariassen.