200 innspel til arealdelen av kommuneplanen
Dei fleste innspela som gjeld arealendring kom frå Finnøy og Rennesøy.
- Oddbjørg Måland
– Å få inn 200 forslag er uvanleg for sjølve Stavanger, men det er ikkje så uvanleg for mindre kommunar, kor det har vore enklare å få forslag om endra arealbruk inn i kommuneplanen. Til dømes slik det var i Finnøy og Rennesøy tidlegare, seier kommuneplanleggar Linda Christine Olsen.
Planforslaget var på hovudhøyring mellom 1. juli og 16. september 2022, og påtilleggshøyring fra 11. november til 6. januar i år.
No er arbeidet i gang med avklaringar av alle dei innkomne forslaga, og kva som bør endrast i kommuneplanen.
Ei politisk sak om høyringsinnspel og innsigelsar til planforslaget og delprosjekta blir behandla i utval for by- og sammfunnsplanlegging 9.februar og i kommunalutvalet 14.februar.
Innspela har komme frå statlege, regionale og lokale styresmakter, lokalt og regionalt næringsliv, lag og foreiningar og privatpersonar.
Målet er å legga ein samla plan fram til politisk sluttbehandling før sommarferien 2023.