FINNØY: Festivalsjef Even Isachsen i eventbyrået Mango og hans festival-team, opplyser at det mellom anna blir ein ny og spennande vri på åpninga av festivalen fredag 18. august.

– Me har bestemt at den offisielle åpninga skal skje på Sentralskulen fredag førmiddag med elevane involvert. Tomatfestivalen er eit typisk familiearrangement, og kvifor ikkje la dei åpna ballet, smiler June Mjølsnes Steinnes i arrangementskomiteen.

Utfordring

I år er det 20 år sidan den første Tomatfestivalen blei arrangert på Finnøy. Med åra har den utvikla seg til å bli ein festival å rekna med i Rogaland.

– Det er jubileumsår, og nye kostar er på plass. Me ønskjer å gjera ting på vår måte, samtidig som me skal me bygga vidare på det gode grunnlaget som Ryfylke Livsgnist har lagd. All «kred» til dei, me har store sko å fylla, seier Isachsen.

Tomatfestivalgjengen har inngått samarbeid med Trolljeger-sjef Paal Refsland frå Sandnes. Kort forklart handlar Trolljeger om å strekkja fysiske og psykiske grenser, utvida komfortsona, og gjera ting du ikkje trudde du kunne. Dette skal omsetjast og tilpassast elevane sitt nivå gjennom ei hinderløype på fotballbanen på skulen. I anledning Tomatfestivalen, blir det ikkje trolljeger, men tomatjeger. På laurdagen er det dei vaksne sin tur til å bryna seg i hinderløypa. Her vil det bli mogleg å melda på lag, familiar, bedrifter, foreningen, venegjengen og nabolaget

– I 11 år har me arrangert trolljegerløp, dei siste tre åra med skuleløp. Erfaringen er at når elevane jobbar på andre arenaer, gir det ei positiv oppleving, og ikkje minst ei følelse av meistring. Å bryna seg litt har alle godt av, seier Refsland som er ny generalsponsor til Tomatfestivalen.

Lagarbeid

– Dette er ein type lagarbeid som me har veldig tru på. Elevane må arbeida saman for å komma i mål. Dei må hjelpa kvarandre, løfta og heia kvarandre fram om dei skal lukkast.

-Dette blir ein kjempegod start på festivalen som skal fortsetja for vaksne på laurdagen. Me er glad for at skulen er så positive til dette arrangementet og vil legg til rette med det dei kan. Det er berre å begynna gleda seg, for unge og eldre, seier Mjølsnes Steinnes, som frå første planleggingsdag har vore tydeleg på at tomatjeger-løypa må vera ein del av årets tomatfestival.

Ho held fram: -Det er viktig for oss å ha ein aktivitet som inkluderer alle, uansett alder og fysisk form. På fredagen oppmodar me foreldre og føresette til å heia ungane fram. Dagen etter er det ungane sin tur til å heia på foreldra.

Alle som skal i tomatjeger-løypa må stilla i joggesko og treningsklede.

Følg med på Tomatfestivalen sine sosiale kanalar og heimesider. Her kjem alle oppdatreringane.