FINNØY: Då Øyposten er på besøk tysdag ettermiddag er det full gass i to etasjar i Fleirbrukshallen.

Sidan sist me skreiv om ungdomsklubben har den fått nytt namn; Attpåklatt, som er stemt fram av klubbgjengen.

Rundt 20 ungdommar kjem rett frå skulen og skal «henga» nokre timar med vener på klubben. Dei har mange aktivitetar å røyna seg ut på.

I ungdomsklubben opplever dei unge venskap, fellesskap, moro og meistring. Fritidsklubben er eit trygt haldepunkt og god møteplass.

Må ha sin eigen plass

Nede spelar ein gjeng bordtennis, medan andre sit saman i sofagruppa og snakkar. I den store salen oppe «gamer» gutane, medan jentene perler kule armband. Ein mindre gjeng påstår dei gjer lekser, sjølv om det er ingen bøker å sjå. Over heile lokalet ligg lukta av nylaga pizza.

– Dette alternativet funkar, men det er ikkje optimalt. Me skulle så gjerne hatt vår eigen plass som me kan bruka og forma ut slik me ønskjer, og som dei unge kan ta ansvar og eigarskap til. Slik situasjone er no, kjem me liksom ikkje heilt i gang. fortel Santiago David Arellano.

Han har fått førespurnad om fleire klubbdagar i veka, og om det er mogleg å starta klubb for ynge born.

– Det ville eg gjerne gjort, og det håpar eg kan skje på sikt, men det går ikkje før me har ein permanent stad. Så viss nokon veit om ein plass dei trur kan egna seg til ungdomsklubb, så ta kontakt, me er svært interesserte, er oppmodinga frå Santiago David Arellano.