Ikkje så lange ferjekøar som frykta

Den fyrste helga med gratis ferjer i finnøysambandet førte ikkje til nemneverdig større trafikk slik mange hadde venta.

Mykje bilar på kaia på Judaberg sist fredag, men ikkje meir enn ein vanleg fredag.
Publisert: Publisert:

FINNØY: Kaptein om bord på MF «Hidle» Dag Vidar Nordø, seier til Øyposten at trafikken i helga har ikkje har vore større enn det som er vanleg. Ikkje på nokon av øyane.

– Det var ein del trafikk på fredag, men det skuldast vel så mykje at hummarfiske byrja på laurdag, og det er normalt. Opplysningane har eg fått frå mannskapet som gjekk av i dag tidleg, og som har vore på vakt heile helga. Me var spente korleis den fyrste helga ville bli, men som sagt ingen stoe endringar i talet på bilar og passasjerar, opplyser Nordbø.

Uvisst om det blir meirtrafikk

At det no har blitt gratis på ferjene utløyser ikkje reduksjon i mannskapet om bord.

– Det blir litt mindre arbeid no som me ikkje skal ta betaling om bord lenger, men me må framleis registrera og rapportera talet på bilar og passasjerar på kvar avgand slik at Kolumbus kan laga statistikkar. Det har og sjølvsagt med tryggleiken å gjera i tilfellet noko skulle skje. Det er uansett meir enn nok å gjera om bord

– Trur du gratis ferjer vil føra til fleire reisande?

– Det er ikkje godt å sei. Med situasjonen i verda slik den har blitt no, så veit eg ikkje kva eg skal tru, seier Dag Vidar Nordbø.

Publisert: