Jaktar på havets kardinal: -Spent på kvar teine

Årets hummarsesong er i gang, og Sverre Asheim og Thorstein Pedersen deltek i jakta på «havets kardinal». Spenninga med fisket og det å få vera på sjøen, er det store, uansett fangst eller ikkje.

Thorstein Pedersen kan stolt visa fram dagens fangst, to fine humrar.
Publisert:
Fin krabbe er heller ikkje å forakta.

FINNØY: I morgongryet legg Asheim og Pedersen ut frå brygga på Judaberg.

Dei har 10 teiner på austsida av Finnøy.

-Det er flott å få begynna dagen på sjøen, dessutan er det spennande, seier Thorstein Pedersen. Dei to har fiska saman i fire år, og held seg rundt Finnøy, Halsnøy og fisterøyane.

-Han er makalaus å ha med seg, seier Asheim om makkeren sin. Han ville ikkje greidd seg på sjøen åleine, for han har nemleg måtta fjerna eine lunga, og slit med pusten.

Dagen før fekk dei fem humrar, men fire var med rogn og måtte på sjøen igjen. Dermed fekk dei bare ein med seg heim. Men det er «von i hanganande snøre», som gamle Bondevik sa, og håpet er at dei denne dagen skal få med seg nokre fleire humrar heim.

Teinene deira står nokså djupt, på 20–30 meter.

-Eg blir aldri klok på hummaren, seier Asheim, som er ein erfaren fiskar. I mange år dreiv han i fraktfart, sist med fiskefôr, men utviklinga kravde at han måtte satsa på større båtar, og då hoppa han av. På begynnelsen av 90-talet begynte han i staden med krabbefiske.

Erfaren fiskar

Sverre Asheim sjekkar størrelsen på hummaren. Jo, den er lovleg.

-Eg leverte først til Rennesøy Krabbe, og seinare til Bertelsen på Vassøy. Seinare kokte eg krabben og selde han sjølv. Det kom folk heilt frå Nedstrand og ville kjøpa. Hyttene er blitt så fine at dei ikkje vil ha krabbelukt i dei, seier Asheim med eit smil.

Han meiner ungdommar kunne gjort ei god forteneste om sommaren på å fiska krabbe, kokt han og selt han sjølv. Men som heilårsfiskar blei Asheim ikkje rik, men heller ikkje fattig av krabbefisket.

-Det er som å driva med sau, du blir ikkje rik av det heller, meiner han.

Thorstein Pedersen er heller ikkje heilt utan erfaring når det gjeld fiske og fangst. Bestefaren hans dreiv med linefiske frå Askøy, og frakta laks frå kilenøter om sommaren. Om hausten jobba han som bødker.

-Fyrste sommarjobben min var ombord i skuta til bestefar min. Eg har til og med fiska hummar med pilk. Me såg hummaren på botnen i skuggen frå båten, og då var det å sleppa ned pilken med agn på, minnest Pedersen.

To og to teiner

Sverre Asheim og Thorstein Pedersen har fiska saman i fleire år. -Han er makalaus å ha med, seier Asheim om makkeren sin.

Men tilbake til den smarte hummaren. Sverre Asheim har fått hummar både på djupna og heilt i strandkanten. Det er mange forhold som spelar inn, meiner han, mellom anna temperaturen i sjøen.

Dei første teinene er det null hummar i. Dei står på eit par og tjue meter og er merka med lys av hensyn til rutebåttrafikken. Dei er det bare å kasta uti igjen, men Asheim merkar nøye av på kartplottaren kor dei står.

-Er det ikkje flat sandbotn her i Finnøyfjorden, undrar me.

-Nei, det er mykje hauar og humpar, bare inne med land er det ei renne med sandbotn, svarar Asheim.

Og havbotnen avteiknar seg tydeleg på ekkoloddet. Er dei heldige så havnar teinene ved ein stein eller ei steinur. Der likar hummaren seg.

Teinene er knytt saman to og to med flytetau mellom, for at det skal vera lettare å sokna etter dei viss dei kjem bort. Til det brukar han eit vanleg spett, men med tauen knytt slik at det lett vippar opp viss det treff ein stein på havbotnen.

-Det er det mest effektive reidskapen til å sokna med, er mi erfaring, seier Asheim.

Andre er også «ute på hummaren», og helsar då Asheim og Pedersen dreg forbi.

Hummaren er som folk

Sverre Asheim har også erfart at der kor det er rognhumrar er det også hannar som tuslar rundt.

-Det er likt i sjøen som med folk på land, smiler han.

Etter fleire teiner med litt krabbe, er det endeleg ei teine kor det klapsar kjensleg av hummarhalar inne i teina. To fine humrar har gått i teina. Den eine må målestaven fram for, men den er over minstemålet.

Dermed blei det ein vellukka tur, alt i alt, og kursen blir sett heim mot brygga igjen.

Neste morgon er det på ’an igjen, viss vêret ikkje er alt for gale. For ut på sjøen må dei.

Havets kardinal.