Sjå Skeiseid ta pulsen på pendlarane på Judaberg
Ryfylkepuls med programleiar Tor Øyvind Skeiseid i spissen har laga ein 15 minuttar lang video der dei pratar med pendlarane som kvar dag reiser til og frå kaien på Judaberg på skule eller arbeid.
– Nokre dagar er det kjekt, og nokre dagar er eg veldig trøtt. Når eg må ta kvart over seks-båten så er eg ofte trøtt, seier Grethe Lunden der ho går i land etter endt arbeidsdag og får kaffi av Skeiseid.
Lunden jobbar i kantina på Strand vidaregåande skule, og nokre dagar må ho ekstra tidleg opp for å lage graut til elevane, kjem det fram.
Lunden er berre ein av mange Skeiseid pratar med. Programmet blei lagt ut fredag 16. juni.
– Aldri før har så mange sett ein Ryfylkepuls på så kort tid, skriv Ryfylkealliansen i ein mail.
Sjå innslaget her: