NVE vurderer å be om tillegsutgreiing på Rennesøy

Søknaden om bygging av ny 132 kilovolts kraftlinje frå Randaberg til Nordbø på Rennesøy ligg hos NVE, og direktoratet vurderer å be om tilleggsutgreiing frå Lnett.

Seniorrådgjevar Tanja Midtsian i NVE.
Publisert: Publisert:

RENNESØY: Det opplyser seniorrådgjevar Tanja Midtsian i NVE til Øyposten.

-I løpet av februar vil me ha avklart om me treng fleire opplysningar frå Lnett. Viss det skjer, vil me orientera alle som har uttalt seg om saka, legg Midtsian til.

-Vil denne biten av den nye kraftforbindelsen bli avgjort før forbindelsen Strand-Fogn-Finnøy og Rennesøy, og vil det vera styrande for denne biten?

-Det blir nok avklart før Strand-Rennesøy. Ei avgjerd kan koma i første halvdel av 2024, avhengig av om me ynskjer tilleggsutgreiing frå Lnett. Men det er to separate forbindelsar, og avgjerda frå Randaberg til Rennesøy vil ikkje vera styrande for resten av forbindelsen, seier Tanja Midtsian.