I januar var Lnett i Rennesøy kommunedeltuval og la fram grove kalkyler for kva det vil kosta Stavanger kommune å leggja kabel i bakken i staden for liner i lufta for å styrka kraftnettet på øyane.

Nå har nettselskapet rekna ut eit litt mindre grovt estimat som skal leggjast fram i formannskapet torsdag 14. mars. I sum må kommunen førebu seg på å betala minst 32 millionar kroner for å sleppa straummaster over Bru, Mosterøy og Rennesøy til Nordbø, går det fram.

Litt justert ned

Meirkostnaden for kabel, altså det som Stavanger kommune må dekka, er som følgjer på dei ulike strekka:

Bru vest (sjøkabel frå Randaberg lengst vest)8 millionar kroner
Bru aust (sjøkabel lenger aust i Byfjorden)15 millionar kroner
Mosterøy18 millionar kroner
Rennesøy vest (til Nordbø)6 millionar kroner

Meirkostnaden er i underkant av det Lnett presenterte i januar. Då var til dømes estimatet for Rennesøy vest på frå 10 til 25 millionar kroner. Estimatet for Mosterøy var frå 15 til 30 millionar.

Framleis er estimata grove, strekar Lnett under.

Randaberg først ut

Den 132 kilovolt store kraftlina skal starta på Krossberg i Stavanger kommune, gå innom Randaberg kommune, innom Stavanger igjen, og så gjennom Randaberg til Harestad eller Mekjarvik før den kryssar fjorden til Bru.

Kart som viser ulike linealternativ mellom Krossberg og Nordbø. Foto: Lnett

For den delen som går innom Randaberg kommune blir meirkostnaden 94 millionar kroner, ifølgje Lnett sitt reknestykke. Torsdag var saka oppe i Randaberg formannskap, og dei vedtok å hyra inn konsulentar for å finrekne på kabelalternativet. Innstillinga frå kommunedirektøren var å gløyma kabel.

– Nå hentar me inn tilbod frå konsulentar til å gjere reiknejobben i Randaberg, seier myndigheitskontakt Børre Dybesland i Lnett til Øyposten:

– Målet er å få ei beslutning i løpet av hausten om kommunen vil ta meirkostnaden eller ikkje, og så senda byggjesøknaden for det endelege alternativet før jul.

Om Stavanger vil følgja Randabergs eksempel blir avgjort 14. mars.

Alternativt reknestykke

Strekninga frå Nordbø til Finnøy og Fogn har ikkje kome like langt i prosessen. Her er prisestimata framleis særs grove.

I januar la Lnett fram at jordkabel frå Nordbø over Finnøy og Fogn blir ein stad mellom 75 og 205 millionar kroner dyrare enn luftline.

Folkeaksjonen mot luftspenn i Finnøy har laga sitt eige estimat som viser ein langt mindre dramatisk forskjell mellom luftspenn og kabel. Folkeaksjonen legg dessutan vekt på den unisone folkelege motstanden mot kraftmaster og inntektstapet som kjem frå tapt jordbruksareal.

Folkeaksjonen er kritiske til at Lnett ikkje gir fullt innsyn i bakgrunnen for tala sine, som Lnett seier er av konkurransemessige omsyn.