Kva kjem rundt svingen? Det kan vere ein buss, ein traktor eller fotgjengarar. Ikkje lett å sjå før ein kjem heilt inn i svingen, meiner Arild Flesjå, frustrert over at nokon har gitt lov til å øydelegge sikta for bilistane. Foto: Silje Talgø Klakegg

– Det er farleg! Ein ser ingenting av kva som kjem nedover frå fleirbrukshallen når ein står i krysset. Ein får ikkje lov til å plassere høge hekkar langs veg, men ein høg brakkerigg skal vere lov så lenge det er i kommunen si teneste, seier han til Øyposten:

– Kven er det som har gitt dei lov til å plassere brakkeriggen og store containerar midt i siktsona for bilistane?

Flesjå var også til stades på måndagens folkemøte på Finnøy, og dette var ei av problemstillingane som blei trekt fram.

– Når kommunen vel å stengje den tryggaste skulevegen for ungane, kvifor gjer dei ikkje samstundes tiltak for å sikre den alternative vegen? sa ein tilhøyrar som bur på Judaberg i møtet.

Flesjå påpeikar at dei ikkje berre manglar tiltak for å sikre vegen for skulebarna, men dei gjer vegen meir utrygg ved å fjerne sikta for dei som køyrer der.

– Det er mange som bur i området og som må køyre dit, skulebussane må køyre der samstundes som elevane går til og frå skulen og i tillegg kjem all anna trafikk. Det er direkte farleg. Og rett før dette farlege strekket, blir fartsgrensa heva frå 40 til 50 kilometer i timen. Skal me vente på ulukka før noko blir gjort? seier han.

På møtet fortalde Jeanette Tjøstheim Olsen at det nærmar seg opning av Rygjabøvegen att. Om ikkje noko uventa hender, kan det vere så snart som i sommar.

– Det er ikkje godt nok, meiner Arild Flesjå:

– Problemet er at nokon har gitt lov til å stengje ein veg utan å gi fotgjengarar eit godt nok alternativ, og dei har i tillegg gjort den utrygge vegen meir utrygg. Dette skulle aldri vore gjort på denne måten.

Kart som viser vegen som er omtala i saka: