For kort tid sidan kom han heim etter to og ein halv månad på fiske saman med onkel, Olav Selvåg, som er ein erfaren lofotfiskar. Men det er Thomas og, trass i sin unge alder. I år reiste nordover for tredje gong. Fyrste gong var han berre 15 år og tok seg fri frå skulen.

Godt fiske

Sjølv omkrets lofotfiske, på generelt grunnlag, starta litt trøblete i år, kom dei to heim med full torskekvote, det vil sei 30 tonn. I tillegg fiska dei 30 tonn sei i Harstad.

Prismessig har det vore er det eit godt lofotfiske-år, spesielt for torsk. Prisen har ligge mellom 40 og 50 kroner per kilo sløyd fisk, og 16 kroner per kilo for sei.

– Me reiste til Finnmark 2. januar, men fiske gjekk tregt i begynninga. I Bergsfjorden blei me liggande vêrfaste i 9 døgn i strekk, det var ganske kjedeleg. Dagane gjekk for det meste med til å skru litt på båten og trykka på telefonen. Likevel fekk me tatt halve kvoten før turen gjekk sørover igjen til Stamsund der me tok den andre halvdelen, fortel Thomas.

Har planane klare

Det er ingen tvil om at den unge fiskaren vågar å satsa. Han er særs målretta og har framtidsplanane klare. Akkurat no er han i ferd medå førebu makrellfiske som startar like over påske. I og med at han er registrert fiskar får an lov å ta opp 20 tonn makrell utan kvote. Etter makrellfiske ventar leppefiske. Sesongen startar i juli og varer til slutten av oktober. I desember i fjor kjøpte han sin eigen kvote som gir han rett til å fiska 48 000 stykk leppefisk. Fisken leverer han til oppdrettsnæringa.

Under seifiske i Harstad tok Thomas ein torsk på 20 kilo. Foto: Privat

– Leppefiske er god butikk, det gir mest utteljing på kortast tid. For det meste er det stinte og berggylte i fjordane i området.

– Målet er å ta over fiskebruket heime på Fogn når det ein gong blir aktuelt. Inntil den tid skal eg driva saman med onkel Olav. Morfar (Alf Anders Bø, red anm) er og med på laget, men han reiser ikkje lenger på lofotfiske, men er med på alt anna.

Om to år får Thomas fagbrevet.

Alltid nok å henga fingrane i heime på fiskebruket på Fogn. Foto: Oddbjørg Måland

allereie som 15 åring investerte han i eigen fiskebåt, ein 22 fot Askeladden med fullt operativt fiskeutstyr om bord. Båten kjøpte han av morfar for pengar han blant anna fekk til konfirmasjonen. Samtidig skaffa han seg ungdomskvote på leppefisk, og i tillegg er han innehavar av sitt eige firma, eit enkeltføretak registrert i Brønnøysund.

– Det er berre å stå på om ein skal lukkast, smiler Thomas