Er du så heldig at du abonnerer på Øyposten, vil du i desse dagar få både tekstmelding og e-post frå oss om at du må oppdatere den digitale brukaren din. For å lese oss digitalt framover, må du ha ein såkalla Schibsted-konto.

Oppdateringa gjer du ved å gå inn på nettstaden les.oyposten.no/schibsted der du vil bli spurd om å oppgi kundenummer og postnummer. Nummera du treng og framgangsmåten vil stå forklart i tekstmeldinga og e-posten.

Øyposten går nå over til å bruke same innloggingssystem som blant anna Stavanger Aftenblad, Finn.no og VG. Har du allereie ein Schibsted-konto der, kan du bruke den til å kople på Øyposten. Viss ikkje, må du opprette ein Schibsted-konto gjennom å oppgi e-postadressa di og eit passord som du lagar.

Alt innhald på Øypostens nettside har den siste tida ligge ope. Det vil seie at folk har kunna lese både nettavisa og Eavisa, som er den digitale utgåva av papiravisa, utan å logge seg inn nokon stad. Innan få veker vil berre betalande abonnentar ha tilgang til å lese innhaldet me legg ut.

Frå oktober overtek Polaris Media som eigar av Øyposten etter Schibsted. Det kan kanskje verke forvirrande at du akkurat nå må ha ein Schibsted-konto for å lese oss, men det skuldast mest tilfeldigheiter og at Polaris Media brukar systemet til Schibsted. Schibsted vil òg framleis vere medeigar av Øyposten.

Me håpar du vil oppleve den nye løysinga som brukarvennleg og at alle som betalar for å lese oss snart vil oppleve seg som litt meir privilegerte enn alle andre.

Har du spørsmål så kontakt Øypostens kundesenter på telefon 40102221 eller ring oss som jobbar i redaksjonen.