Statsforvaltaren søkjer ungdommar
Statsforvaltaren søker ungdommar til ungdomspanelet. Panelet hjelper Statsforvaltaren i Rogaland med råd og erfaringar knytt til ulike oppdrag.
Statsforvaltarens ungdomspanel blei etablert i 2023, har 10 faste medlem og 9 varamedlem.
– Gjennom ungdomspanelet blir barn og unge i Rogaland involverte og kan medverka i saker som gjeld dei, også hos Statsforvaltaren. Dette er ein del av satsinga vår på barn og unge, skriv Statsforvaltaren på nettsida si.
Ungdomspanelet er ei fast ordning, og består av åtte–ti ungdommar frå ungdomsskular og vidaregåande skular i fylket – og representantar frå ungdomsråda i Helse Fonna, Helse Stavanger og Landsforeningen for barnevernsbarn.
Statsforvaltaren legg vekt på representasjon frå alle regionane i Rogaland; Jæren/Nord-Jæren, Dalane, Ryfylke og Haugalandet.
– Me vil ha ei brei samansetning. Då ser me også på kjønn, alder og interesser, skriv dei vidare.
Paneldeltakarar får dekt reiseutgifter og får ei møtegodtgjering.
Det blir lagt til grunn at kandidaten kan uttala seg om saker som angår ungdom, og at dei til ei viss grad kan representera ei større gruppe. Kandidaten må bu i Rogaland.
Frist for å melde inn kandidatar er 24. februar 2024.