Ferdigstilling av dagsturhytta nærmar seg
No er det berre finpussen som gjenstår før den offisielle opninga av dagsturhytta, helga 3.- 4.september.
- Oddbjørg Måland
Aller siste hand på verket er i gang. Morten Sangedal, Jakob Bø og Ole Klingsheim er i gang med å lø natursteinsmur på to av sidene. Det høgste partiet som skal dekkast med naturstein er êin meter. Steinen blei flydd opp med helikopter tidlegare i sommar.
Naturleg fint
– Me har god tru på dette. Denne muren passar perfekt til hytta og glir naturleg inn i terrenget. Men det kjem til å ta litt tid, spesielt den fyrste rada er ekstra tidkrevjande. Me blir uansett ferdig i god tid før opninga som er fyrste helga i september, seier grunneigar Jakob Bø.
Går alt etter planen skal alle dagsturhyttene i Rogaland veragferdige i løpet av året. Den 10. og sist opna er Fisterbu som blei opna 1.juli. Hytta ligg 385 meter over havet, og ein kort spasertur frå Fister skule.
Fordelinga av dei resterande hyttene ser slik ut:
Juli/august/september:
- Karmøy
- Haugesund
- Utsira
- Tysvær
Oktober/november/desember:
- Time
- Bokn
- Stavanger, hytta på Hundvåg
- Strand
- Sauda
- Kvitsøy
Den aller fyrste dagsturhytta i Rogaland, Søsterhytta, blei opna 16. desember i fjor.