|Kai Petter Flesjå tv og Odd Bleie var begge to svært spente på kva minedykkarane frå Håkonsvern hadde funne av granater i sjøkanten nedanfor det gamle fortet på Søre Vignes

(Filma av Erling Bleie)

-Ni av desse blei alt teke oppdei to første dagane, medan resten blei henta opp i løpet av onsdagen og torsdag, opplyser hovudtalsmannen for delegasjonen frå Håkonsvern. -Mykje av arbeidet gjekk innledningsvis med  på å kartleggja ID-en til desse granatane.

,-I samband med freden og oppryddinga etter krigen, blei desse 150 mm store granatene berre dumpa på sjøen, fortel lokalhistorikar Odd Bleie. Saman med ein svært spent,Kai Petter Flesjå, hadde også han møtt opp nede på kaien i Apalvika då deelgasjonen frå Håkopnsvern la til kai tysdag kveld. Blei som lokalhistorikar då mest for å fortelja dei menige litt meir inngåande frå den lokale krigshistoria, og bakgrunnen for heile etableringa av fortet på Søre Vignes. Og gjengen frå Håkonsvern fulgte svært interessert med på runden innover i "Tyskerholene".,-Det blei  plassert ut fire kanonstillingar på fortet, og feltkanonene hadde ei rekkevidde på 22 000 meter. Målet var, saman med ei rekke andre kanonstillingar i området, å kontrollera  innseglinga til Stavanger, fortalte Bleie.,-Dei 13 granatane som me fram til no har funne ligg på omlag 30 meters djupne, innanfor eit avgrensa areal på 20x25 meter, og veg litt over 50 kilo kvar, opplyser talsmannen for delegasjonen.,-Så langt ser det også ut til at sjølve sprengladninga er heilt inntakt. Difor må dei berre sprengjast og bli uskadeleggjort, legg delegasjonsleiaren til. Og torsdag kveld smalt det igjen skikkeleg frå "Tyskerholene" . Men denne gong heldigvis i fredstid, meir enn 75 år etter. Dermed er også eit nytt kapittel avslutta i den spanade historia om det tyske kystfortet frå  andre verdskrig på Søre Vignes