Folketalet i dei søre delane av Rennesøy kommunedel viser ei fin utvikling. Foto: Rune Nedrebø

Å reise i Ryfylke kan vera ei oppdagingsferd i nytenking, kreativitet og risikovilje

, skriv Roy Høibo i manuskriptet til det som snart blir ei praktbok om Ryfylke.

Å reise i Ryfylke er møte med folk som vil og kan og som får det til

skriv han vidare. Han arbeider med manuskriptet saman med fotograf Lise Bjelland.

Ideen om boka oppsto i ei felles begeistring for Ryfylke mellom fotografen og forfattaren, samtidig som dei kjende på at Ryfylke var ein underkommunisert landsdel samanlikna med andre delar av vestlandet. Dei såg ei oppgåve i å løfte fram både den overveldande naturen og forteljingane om Ryfylke slik folk møter utfordringane i kvardagen.

Samtidig var dei nysgjerrige på kva som skjedde med Ryfylke og ryfylkingen som følgje av endringar både i kommunestrukturen og kommunikasjonane. Boka er såleis blitt til i eit skjeringspunkt mellom samtidsjournalistikk og historieskriving, men med størst vekt på nåtida. Boka får eit stort format og vil bli rikt illustrert.

,Roy Høibo er tidlegare direktør ved Ryfylkemuseet. Lise Bjelland er fotograf med erfaring frå presse og frilans oppdrag. Boka har arbeidstittelen:

Godt Ry – kjensla av Ryfylke,

og blir gitt ut i samarbeid med Ryfylkemuseet. Ho skal vera i sal frå kring 1. oktober.