Johnny Furre i Furrehytter på Sjernarøy.

-Me kunne ikkje bryta tradisjonen, seier arrangøren Johnny Furre ved Sjernarøy Maritim til Øyposten.,

For to år sidan kunne fiskefestivalen på Sjernarøy feira 50 års-jubileum.

Korona'en gjorde at det ei tid såg usikkert ut for den 52. festivalen i rekkja, men nå blir det altså noko av.

-Me har hatt mange henvendelsar med spørsmål om me ikkje kan arrangera festival i år også. Nå har situasjonen når det gjeld smitte roa seg, og dessutan tenkjer me at smittefaren uansett ikkje er stor når alle fiskar frå kvar sin båt, seier Furre.

Tradisjonen tru åpnar festivalen med påmelding klokka 0900, mens startskotet for sjølve fiskinga går klokka halv elleve. Klokka tre må fangsten vera klar til veging.

Det blir konkurrert i klasse for størst lyr, sei og torsk, pluss ein eigen klasse for stintefiske. I fjor hadde denne bare ein deltakar, men i år håpar Furre på fleire.

Til forskjel frå tidlegare fiskefestivalar blir det i år ikkje dans om kvelden. I staden blir det "GLAkveld" med live musikk og allsong. Musikken er det bandet Atomic med 40 år i bransjen som står for.  Dei spelar også laurdagen etterpå, og får då med seg artisten Jan Hauge, plattformsjefen som er mest kjent for konserten med Katie Melua, verdas djupaste konsert nede på botnen av Troll A-plattforma i Nordsjøen.