Bakgrunnen for søknaden er ynskje om å flytta eit tidlegare tildelt løyve ved Brennevinsgrunnen, fordi den planlagde straumkabelen frå Kvilldal i Suldal til Blyth i England vil kryssa forankringsområdet til eksisterande lokalitet ved Brennevinsgrunnen.-Det er dermed behov for ny lokalitet som vi kan sette av til det aktuelle prosjektet, skriv  Bremnes Seashore i sin søknad.,

Både Fiskarlaget Vest og Fiskeridirektoratet peikar på at det føregår både krepsfiske med teiner, og fiske med havteiner i området. I tillegg er det registret eit felt for reketråling i det same området.

-Det må difor takast omsyn til allereie etablerte fiskeriaktivitetar i nærleiken, og at fortøyningane må avgrensast mest mogeleg for ikkje å inngå i dette rekefeltet.

Lyregrunnen ligg midt ute i Boknfjorden, og både straumforholda og bølgehøgde kan tidvis vera utfordrande. Det vil difor bli tatt særlege omsyn til dette ved ei eventuell etablering, står det å lesa i søknadspapira.