Seint laurdag kveld byrja den gamle ærverdige bygningen frå 1903 å brenna, og no er det berre ruinane igjen av det som i mange år har vore både husmorskule og linjer innanfor akvakultur. Lensmann i Ryfylkeøyane lensmannskontor, Rolf Kant fortel at det no vil bli ei lang etterforsking.

- Me held på med ei reint taktisk etterforsking, og me vil avhøyra ganske mange for å høyre om dei har gjort nokon interessante observasjonar. Det var ganske mange folk i området i den tida, fortel Kant.

- Har de fått ut noko interessant av dei avhøyra de har føreteke til no?

-

Måndag var det eigentleg meininga at kriminalteknikarar skulle koma inn for å sjå etter spor, men ifølge Kant har dei vurdert det slik at det ikkje er vits.

- Me hadde nett eit telefonmøte, kor me blei einige om at det var så utbrent at det ikkje var vits. Så det blir ikkje gjort.

- Kan byggjet ha blitt tent på?

- Me kan ikkje utelukka noko. No må me først og fremst få kartlagd det elektriske anlegget rundt, for å sjå om det har vore problem knyt til det, fortel lensmannen.