Finnøy kommune har ikkje hatt det travelt med å utarbeide ein pålagt avfallsplan for hamnene i Finnøy. Så når kommunen no har bedt om ytterligare utvida frist, så er det tvert nei frå Fylkesmannen, som seier: «Syner til brev datert 19.januar 2019 om utsett frist for innsending av avfallsplan for småbåthamner i Finnøy kommune. Me har forståing for at dykk har mye administrativt som skal på plass innan saman slåinga med Stavanger kommune i 2020, men avfallsplanen skulle vore på plass innan 1.juli 2014 og etter samanslåinga har me ingen garanti for at dette ikkje nedprioriterast. Alle kommunar har ei plikt til å utarbeide ein felles avfallsplan for private og kommunale hamner som hovudsakleg tek imot hushaldsavfall.,

Noreg har blitt dømt av EFTA-domstolen i 2016 på grunn av manglande godkjenning av avfallsplanar. Fylkesmannen har årlege minimumskrav frå Miljødirektoratet for godkjenning av avfallsplanar for at Noreg skal unngå å hamne i EFTA-domstolen forandre gang».

Fylkesmannen konkluderer med at fristen er snarast – og seinast 14. oktober.