STAVANGER:
Skattelistene blei offentleggjort i dag, og der er det også øybuar å finna.,
Advokat Erling Ueland utmerkar seg med ei inntekt på 32 millionar kroner, formue på 91 millionar kroner og ein skatt på 16 millionar kroner, nok til å betala lønna til 20-30 sjukepleiarar.
Roald Helgø, Helgøs matsenter, har far frå Sjernarøy, og står oppført med 15 millionar i inntekt og nesten seks millionar kronert i skatt. Ingvild Sæther har røter på Rennesøy, og står med 11 millionar i inntekt og 5,7 millionar kroner i skatt. Cato Østerhus frå Mosterøy har 10 millionar kroner i inntekt og har betalt seks millionar i skatt.