Dette er ein del av den spreke trimgjengen som møter trufast i Teigen i kvar veke, i all salgs vêr. Foto: Oddny Kjølvik.|Det er godt å ha ein arm å halda fast når terrenget blir krevjande. F.V: Oddny Kjølvik ifrå Frisklivssentralen og Torill Østebø. Sverre Jan Reilstad går bak.

FINNØY:

Etter 35 år i helsetenesta i gamle Finnøy kommunen gjekk Kjølvik av for alderen like før sommaren. Men tysdasgstrimmen i Teigen har ho halde fast ved, i håp om at ein ny person snart er klar til å overta stafettpinnen.,

Gjennom mange år har det blitt fleire turar på Oddny Kjølvik (t.v) og trimgjengen henner. Her frå ein tur til Fjøløy tidleg i sommar saman med Torill Østebø og Sverre Jan Reilstad.

- Eg tykkjer ikkje eg kunne klippa navlesnora på ein lang og livskraftig tradisjon frå den eine dagen til andre. Når rundt 60 personar stiller trufast opp i Teigen kvar tysdag, uansett vêr og vind, så er det minste eg kan gjera å trena saman med dei. Eg tykkjer innsatsen er imponerande, for eg veit at det ikkje alltid er like freistande å komma seg opp og ut, fortel Kjølvik.

Stavanger kommune har lyst ut stillinga som frisklivsvegleiar internert, og er i desse dagar i ferd med å tilsetta ein person som kan overta.

- Mest sannsynleg vil det vera på plass ein arvtagar allereie i slutten av september. I og med at dette er ei intern utlysing, reknar eg med at prosessen kan gå relativt fort. Det er viktig for kommunen at tysdagstrimmen vert oppretthaldt utan unødvendig stopp. Eg trur ikkje det er mange kommunar i landet som kan visa til eit like godt opplegg som det som Kjølvik har gjort på Finnøy, seier avdelingsleiar på Helsehuset i Stavanger, Jørgen Møllerop.

Frisklivssentralen er eit gratis tilbod til alle i kommunedelen som er motiverte for å gjera ei endring i kvardagen, eller som berre har lyst å treffa andre.

- Kroppen har godt av å vera i aktivitet uansett alder, og det er aldri for seint å byrja. Effekten av fysisk aktivitet er lik verdifull gjennom hele livet. Me veit at eldre som er fysisk aktive og i god form vil i større grad kunne vera sjølvhjelpte i kvardagen og kan bu lenger heima, dessutan  reduserer det risikoen for sjukdom og skader. I tillegg til betre fysisk helse, er det også viktig for den mentale helsa som utan tvil påverkast positivt. Så det er ingen grunn til ikkje å vera i aktivitet, sjølv om ein har blitt eldre eller har utfordringar med helsa. Å gjera litt kvar dag gjer underverk for helsa, avsluttar Oddny Kjølvik.