Stavanger opplever en sterk vekst i skatteinngangen.|

STAVANGER:

I 1125 starta fortellinga om byen rund Vågen, med domkyrkja og Stavanger bispedømme. I dag, 900 år seinare, er dei same tre tinga framleis aktuelle for byen vår, og alle skal vera med på å gi jubileet innhald. Men det skal Finnøy og Rennesøy og.,

- Ryfylke har hatt stor påverknad av utviklinga av Stavanger, difor er det på sin plass at dette kjem fram i jubileumsmarkeringa. Mange ryfylkebuar flytte til Stavanger. Med i båten hadde dei kultur, religion, kunnskap, handverk og gode idear. Ting som har prega byen sidan, og som er framleis er tydelege. Nokre tok til og med seg huset, som blei gjenreist i det som i dag er gamle Stavanger. Tenk på alle dei som utvandra ifrå Ryfylke til Stavanger, og for mange av dei også vidare til Amerika? Men kven var dei? Kvifor flytta dei til Stavanger? Byen hadde ikkje vore det same utan Ryfylke, og det vil me forsøka belysa på ulike måtar gjennom jubileumsmarkeringa, fortel Thu.

Blant anna skal det byggast eit lite, ope naust ved båtbyggjeriet ved Faaholmen som kan brukast av alle, og som gjennom ei utstilling skal fortella historia om nokre av dei som utvandra og busette seg i Stavanger eller i Amerika.

Vidare har Kystkultursenteret føreslått arrangement både i Ryfylke og i jubileumsbyen, og vil spesielt trekka fram tradisjonshandverk og dei gamle bruksbåtane som eit typisk ryfylsk fenomen som bør lyftast fram.

,- Me ynskjer å bidra med verdiskaping i frå Stavanger til Ryfylke. I god tid før jubileumsåret er ein ny kalk-omn ferdigbygga på Natvigs Minde i Stavanger. Her ifrå vil me ta med kalk og kalkmørtel. Saman med lokalbefolkninga, Museum Stavanger og Arkeologisk Museum ynskjer me å gjera ein felles innsats med vedlikehald av våre fantastiske middelalderanlegg og kyrkjer i Nye Stavanger, avsluttar Ketil Thu.