Rivinga av moloen pågår for fullt.|Svære blokker, dei tyngste fem tonn, må bort. Steinane blir frakta over til andre sida, der kor gravemaskinen jobbar med stabla dei i lagringsplassen.|Lekteren frå Skyssbåtservice har plass til seks lastebilar.|Det er mange tunge lass med stein som skal frakast bort.|Lekteren har plass til seks lastebilar.

FINNØY:

Innkortinga av moloen i innløpet til båthavna skjer for å gi betre plass til ambulansebåten "Rygermedic".,

Det er litt for langgrunt langs land for båten, og løysinga blei difor å gjera åpninga til båthavna større. Innkortinga gjer at det blir to færre, store båtplassar i havna.

Det er mange tunge lass med stein som skal frakast bort. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Den 45 meter lange lekteren og slepebåten er leigd inn frå "Skyssbåtservice" på Åmøy. Kostnaden med rivinga blir dekka av Stavanger kommune.

Bak spakene i gravemaskinen som  løftar bort stein etter stein sit sjefen i Røheim Maskin på Finnøy, Alf Magnar Rørheim. Det var også dette firmaet som bygde moloen.

-Det er ikkje kjekt å riva noko du har bygd, det er klart, men det er slikt som skjer, seier Rørheim nøkternt.

Svære blokker, dei tyngste fem tonn, må bort. Steinane blir frakta over til andre sida, der kor gravemaskinen jobbar med stabla dei i lagringsplassen.

Dei største steinblokkene anslår han til å vega rundt fem tonn, og all stein blir frakta til landsida av båthavna og lagra der til seinare bruk. Etter kvart som lastebilane og traktorhengarane blir fylte opp, fraktar lekteren dei over til den gamle Midtre-kaien, kor dei kjører på land og vidare det vesle stykket til lagringsplassen over båthavna. Løysinga med lekteren var den einaste mulige, viss ikkje toppen på molen skulle rivast for å laga køyeveg der. Men det ville blitt eit mykje større prosjekt.

Det blir rekna med at det vil bli 70-80 fulle lastebillass før all steinen er borte. Kor lenge arbeidet vil ta før alt er ordna, vågar ikkje Alf Magnar Rørheim å tippa. Men at det kjem til å ta meir enn ein dag er i alle fall sikkert.

Lekteren har plass til seks lastebilar. Foto: FOTO: Rune Nedrebø