"Fjorddrott" overtek ruta til "Fjordlys"

Norled set inn hurtigbåten «Fjordrott» etter grunnstøy6tinga i går kveld, kor søsterbåten «Fjordlys» gjekk på grunn i Eidssund på Ombo.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
"Fjordrott" tek over ruta etter "Fjordlys".

STAVANGER:  Politiet melde om hendinga søndag kveld i 23.30-tida. "Fjordlys" hadde rute til Sauda frå Stavanger 21.25, og båten tok inn vatn etter grunnstøytinga. Til politiet har kapteinen forklart at det var ei "unnamanøvrering" som gjorde at båten gjekk på grunn.,

Det var 43 passasjerar og ei mannskap på fire ombord då uhellet skjedde.

-"Fjordlys" blei slept frå Ombo til Stavanger i natt, og må vidare på verkstad for å få undersøkt skadene, opplyser kommunikasjonssjef Cathrine Gjertsen i Norled til Øyposten. Det er difor usikkert når "Fjordlys" kjem tilbake i rute igjen.

Ifølge Gjersten fekk Norled hjelp av Rødne til å frakta passasjerane vidare etter hendinga.

-Passasjerane sat ombord til reservebåten kom, og stemninga var heilt grei. Heldigvis kom ingen til skade, korkje passasjerar eller mannskap, seier Gjertsen, som opplyser at Norled vil ha si eiga interne gransking av hendinga.