Det er berre formaliteter som gjenstår før arbeidet med dagsturhytta kan byrja. (Illustrasjon: Stavanger kommune)

FOGN:

I tillegg innstiller kommunedirektøren på at det også blir oppført ei hytte nummer to i Stavanger kommune. Denne bør då lokaliserast til Kuneset på Hundvåg.,

-Disse to plasseringene utfyller hverandre, og til sammen svarer de på alle de ønskede kvalitetene og kriteriene i dagsturhytteprosjektet. To hytter vil gi et betre turtilbud til alle i en folkerik kommune som Stavanger.

Direktøren foreslår også at det vedtas å bygge to dagsturhytter i Stavanger, der finansieringen blir innarbeidet i kommende handlings- og økonomiplan

"

heiter det mellom anna i innstillinga frå kommunedirektøren. Sparebankstiftelsen løyver 250 000 kroner til ei slik dagsturhytte i kvar av kommunane i Rogaland. I tillegg kan det søkjast om spelmidlar til ein tredel av kostnaden.,

Aktivt grendalag

Fogn Grendalag har vore svært aktive i arbeidet med å marknadsføra nettopp deira lokalsamfunn som eit godt alternativ. Nå viser det seg at dette har gitt resultater.

,Men ein førsetnad for at Ørnakulå på Fogn skal bli valgt , er at det blir inngått ein avtale med grunneigar og ein driftsavtale med grendalaget. På Kuneset, som ligg på det kjente utfartsområdet Lundsneset på Hundvåg, er det kommunen som er grunneigar . Kommunen vil  såleis også kunne drifta ei slik dagsturhytte.