Håpar dette skiltet får stå i fred

«Gratulerer STEM FrP» lyser det med stor skrift frå det nye skiltet som er komen på plass på traktorhengaren på Nådå.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
«Gratulerer STEM FrP» lyser det med stor skrift frå det nye skiltet som er komen på plass på traktorhengaren på Nådå.

FINNØY: For ei god veke sidan blei banneret med «Gratulerer med bomfritt Finnøy!», underskrive Fremskrittspartiet øydelagt. Før det hadde det blitt fjerna, men blei raskt lagt tilbake igjen, fint samanbretta.,

Olje Jan og June Naaden har ikkje tenkt å gi opp denne gangen heller, og nå har dei sett opp eit nytt og sjølvlaga skilt. Det består av tre kvitmåla treplater montert under restane av det øydelagte bannneret. Til saman gir det eit krystallklart budskap: «Gratulerer STEM FrP».

Slik såg banneret ut før det blei øydelagt.

Kva gratulasjonen er mynta på, er det nok få på Finnøy som er i tvil om.

-Dei som har gjort hærverket på banneret har ikkje oppnådd det dei ville, for det har gitt oss mykje oppmerksomhet, seier June og Ole Jan Naaden til Øyposten.

-Kjem det nye skiltet til å få stå i fred?

-Det veit me aldri, men nå er me heime og kan halda eit lite auge med det. Men det er klart at det går an å øydeleggja dette og, seier dei, og synes det er synd at heilt lovlege meiningar ikkje skal få stå i fred på Finnøy.

-Dessutan kosta banneret 4000 kroner, påpeikar June Naaden.

Kven som kan har utført hærverket har dei ingen formeining om.

-Me fann rett nok eit visittkort frå SV festa til hengaren, men om det er nokon som prøver å leggja skulda på andre veit me ikkje, seier Ole Jan Naaden.

-Eg trur ikkje at folk flest på Finnøy støttar slike pøbelstreker. Eg er sikker på at Tomatfestivalen i år kjem til å få rekordbesøk etter at det blei gratis i Finnfast, legg June Naaden til. Nå håpar ekteparet, som begge er medlemmer av Frp, at skiltet får stå i fred til over valget.