Bjørn Arvid Joakimsen er dagleg leiar i Finnøy Buss AS.

FINNØY: -Me ser diverre ikkje noko anna utveg enn å gå til skifteretten og ta dette tunge steget, seier Joakimsen som starta opp det heile for over 20 år sidan.-Me hadde store ordrar på bussturar, tilsvarande 18 millionar kroner i 2020, og det såg ut til å bli det beste året noko sinne. Ja ,4-5 millionar meir  i rein omsetning enn året før. Men koronapandemien sette ein effektiv stoppar for dette, opplyser Joakimsen til Ryfylkealliansen .Det var dei som først omtala saka på plattforma

www.ryfylke.no

.,-

Skulerutene går som vanleg inntil vidare

Finnøy Buss har i dag 12 bussar, der åtte av desse er turbussar. Dei fire andre køyrer til dagelg på faste oppdrag som skulerute på Finnøy og Talgje.

-Desse rutene vil nok gå inntil vidare fram til det blir ei avklaring med bostyre, og til den vidare prosessen og konsekvensane av desse er avklart, opplyser Joakimsen.

-Det må vel vera tøfft å sjå at hjartebarnet ditt Finnøy Buss AS skal enda på denne måten?

-Ja, det har vore svært tøffe tider etter at store delar av samfunnet blei stengt ned den 12. mars i fjor, innrømmer han.- Ulike statlege kompensasjonsordningar har vore til ei viss hjelp, men utan busskjøyring og nedbetalingsordningar med banken, går diverre ikkje dette i hop. Me er i ein bransje som har blitt ekstra hardt ramma, og eg trur diverre ikke at me blir det første busselskapet her i regionen som må gå til dette skrittet. Det har eg fleire signal på at vil koma til å skje allereie, bekreftar Joakimsen. Han vil likevel ikkje gi opp yreket som bussjåfør og det å eiga eit busselskap når dette ein gong er over.

-Eg misser ikkje gnisten. For når selskapet etter alt å døma blir slått konkurs , skal eg starta opp igjen. Og eg trur at på eit eller anna tidspunkt der frammme så må jo dette snu. Då er målet å vera klar igjen, om enn i ei noko meir beskjeden form. Gjerne med berre tre til fire bussar i startfasen, avsluttar Bjørn Arvid Joakimsen.

Ein kjent og kjær lokal bilentusiast og bussjåfør frå mang ein tur i både innland og utland som i si tid, då han og familien gjorde finnøybuar av seg, også var med på starta opp den lokale bilverkstaden Finnøy Motor AS.