TALGJE/FINNØY: Her har nemleg ekteparet Edle og Håvard Skavland bygd opp eitt av dei mest moderne tomatgartneria i landet. Den siste store investeringen er  instalasjon av eit omfattande opplegg med såkalla raude ledys på eit areal på heile 16000 kvadratmeter.,-Det skal gi både eit breiare spekter av lys som tomatplantene kan nyttiggjera seg, i tillegg til at desse lampane er langt meir effektive og brukar mindre energi, forklarar Edle Skavland.,Det bekreftar også ektemannen og sjefen sjøl, Håvard Skavland.,-Det har skjedd ei rivande utvikling på dette med ledlys dei siste åra. Desse lysa brukar 40% mindre energi, og så inneheld dei eit breiare lysspekter som gjer at tomatplantane nyttiggjer seg dette lyset på ein enno betre måte som fremjar veksten og utviklinga av planta.,

-Så bruken av naturgass frå Kårstø til oppvarming blir berre mindre og mindre, og det same gjer utsleppa av CO2 og andre klimagassar ?,

-Ja, det er heilt korrekt. Og eg trur at den over tid også vil bli fasa ut i denne type gartneri , legg Håvard til.,Og sjølv om innstrålinga frå det naturlege dagslyset ute er på eit minimumsnivå, står tusenvis av tomatplantar i "full flor" inne i det lyse og varme gartneriet. Dei første "Juanita" smakstomatane er alt i ferd med å bli raude, og klar til å ta ein første smaksprøve av. Det same er dei litt større cocktailtomatane av sorten "Rødme" inne i den andre avdelinga.,

-Dette må vel vera den beste mentalterapien ein kan få, ved å rusla rundt omkring og arbeida her inne nå på den mørkaste tida av året. Og i tillegg kunne testa smaken av årets første- eller siste- tomatar til jul?

-Ja, sjølv om sesongen nå like over jul og nyttår byrjar å bli veldig travel med både hausting, pakking, såing og poding av nye tomatplantar til både eigenproduksjon og sal, er det veldig kjekt og triveleg å vera her inne i denne mørke årstida, medgir Edle og smiler.

Og sjølv om det norske tollvernet er borte på all tomatimport på denne tida av året, har Håvard og Edle likevel funne det økonomisk forsvarleg å satsa så hardt på lysproduksjon av tomatar. Nå også meir eller mindr året rundt.,-Me har inngått avtale om ein fast oppgjerdspris med grossisten vår. Det gir oss ein betydeleg forutsigbarheit som gjer at me finn dette interessant økonomisk. I tillegg er det viktig, spesielt i desse coronatider, å visa både i ord og handling at norske tomatar har ei viktig rolle å spela i sjølvforsyninga av mat her i landet. Så når då grossistane våre stimulerer til dette, må me berre ta opp hansken og trø til. Det er også viktig å utnytta det store og dyre produksjonsapparatet som me har bygd opp best mogeleg-året rund, avsluttar ein optimistisk tomatgartnar.,Og for Edle har det vore travle dagar i det siste, og mykje logostikk som skal på plass, når ca. 30 framandarbeidarar frå både Ukraina og Fillipinene skal vera på plass like over nyttår.,-Me fekk faktisk inn 14 fillipinske arbeidarar denne veka. Dei er nå trygt plassert i karantene i leilegheitene sine, slik at dei er klar til å gå inn i arbeid når karantenetida er over, fortel ho.,Då ventar nye spanande og trivielle arbeidsoppgåver,alt dei første dagane av det nye året, når årets første raude og smakfulle tomatklasar skal haustast, pakkast og sendast ut på den norske marknaden. I tillegg skal fleire titals tusen tomatfrø såast og planter podast for å gjerast klar til enno ein ny tomatsesong, om ein kan kalla det det. For det er så viss også nye tider, og nye avanserte produksjonsmetodar som blir tekne i bruk i den snart 100 år gamle tomatnæringa på øyane i Finnøy og Rennesøy. Og nå også i tomatkommunen Nye Stavanger.