FINNØY:Også grunneigar Kai Petter Flesjå hart sjølvsagt registrert dette, og synest det er veldig positivt at desse storfuglane "beitar" i Hauskjevatnet.- Det er jo eit faktum at det har vore veldig mykje utilsikta tilførsel av næringstoffer tidlegare som har ført til betydeleg gjengroing. Etter at me nå har fått redusert dette betydelg, og ved at dei mange svanene nå også beitar og et opp mykje av det som gror fram av planter og grasvekster, er heile Hauskjevatnet blitt mykje meir åpent, seier Flesjå.,

- Kva med fiskebestanden og auren i vatnet?

-Det vil nok aldri bli noko stort fiske i dette vatnet, som i all hovedsak består av såkalla søylebotn. meiner Kai Petter, som likevel er svært glad for at den opne vassflata i vatnet satdig blir større.-Ja, eg trur aldri eg har sett så lite groing i Hauskjevatnet, og det er veldig positivt, understrekar kylling- og fjørfebonden øverst på Finnøy.