Vannforsyninga i Finnøy kommunedel må betrast. Mellom anna blir det foreslått ny sjøledning mellom Talgje og Finnøy. (Foto: Rune Nedrebø).|||

FINNØY:

Kapasiteten i vannforsyninga på sjølve Finnøy er god, men er likevel for liten i deler av ledningsnettet.,

I tillegg blir Sjernarøyane forsynt med vatn frå Finnøy, og her er problemet at vannforsyninga er sårbar ved ledningsbrot. Det same er situasjonen for Halsnøy, Byre og Sør-Bokn, som i dag blir forsynt med vatn frå Fogn.

Difor foreslår kommunedirektøren ei rekke tiltak for å betra forsyningssituasjonen i tidlegare Finnøy kommune.

Ny sjøledning Talgje-Finnøy

Som eit første steg for å forsterka sikkerheten blir det foreslått å leggja ny vannledning i sjøen frå Talgje til Nærland. Arbeidet med denne er kalkulert til 15,5 millionar kroner, og arbeidet skal etter planen koma i gang neste år.

Dessutan blir det foreslått å leggja vannledning i sjøen frå Aubøsundet i Sjernarøyane via Hidlesundet til Finnøyvika på Nord-Hidle, og vidare til Helgøy. Starten på dette prosjektet er 2023, men planlegginga skal begynna året før. Prislappen er vel 14 millionar kroner, og vil gjera vannforsyninga i Sjernarøyane sikrare ved at det blir etablert ei ringløype for vatnet i øyane. I dag er sikkerheten ved ledningsbrot bare eit høydebasseng på Kyrkjøy som har kapasitetet til å forsyna øyane i 2-3 dagar.

Viss ikkje noko blir gjort, og det skjer eit ledningsbrot i Sjernarøyane må det etablerast eit nødopplegg for drikkevatn mens vannforsyninga blir reparert.  Den største brukaren av kommunalt drikkevatn er Grieg Seafood sitt lakseslakteri på Helgøy, som er avhengig av høg sikkerthet for vannforsyninga.

Å stoppa utbygginga av vannforsyninga i øyane, vil difor by på fleire utfordringar, meiner kommunedirektøren. Det vil heller ikkje gi Nord-Hidle mulighet til å kopla seg på kommunalt vant, eller gi mulighet for at Eidsund og Ombo seinare kan få kopla seg på.

50 millionar

Minussida ved det skisserte opplegget er at dei som vil ha kommunalt vatn på Nord-Hidle må rekna med ei betydeleg eigenfinansiering, men det blir antyda at kommunen kan vurdera å ta kostnaden med leggja vannledning på land seinare.

Det er også vurdert om vannledninga heller skal koma i land ved ferjekaien på Nord-Hidle, og gå vidare over land på austsida av øya til Finnøyvika. Dette vil gi lettare tilknyting til gardsbruka på øya, men vil kosta 10 millionar kroner meir.

Problema med forsyningssikkerheten i Sjernrøyane blir likevel ikkje løyst ved dei prosjekta som er foreslått. Det kan først skje viss det blir lagt ein ny ringforbindelse til Finnøy eller ein ny sjøledning mellom Halsnøy og Nord-Hidle. Det siste er stipulert til å kosta 19 millionar kroner.  Det betyr at den totale kostnaden for å gi øyane sikker vannforsyning ligg på rundt 50 millionar kroner.

Kommunedirektøren vil i løpet av neste år leggja fram sitt forslag til korleis vannforsyninga i området kan sikrast best. Saka kjem opp i utvalg for miljø og utbygging denne veka.