Jeanette Vik frå Helgøysund sparer mykje på den nye rabatt-ordninga.|Kjell Magne Bjerga frå Halsnøy jobbar på Helgøy i Sjernarøyane, og reknar med å spara rundt 800 kroner i månaden på hje-jobb-hjem.|||Bjørn Helge Havn og Tove Bergjord Tysdal er glad for den gunstige rabattordninga. Havn har søkt om å få bli med, og Bergjord Tysdal har glede av ordninga både til jobben på Eidssund og til studiene på universitetet i byen.

RYGERPRINS:

-Det er ei kjempefin ordning, som eg sparer mykje på. Skikkeleg bra, meiner Vik, som er på veg frå Helgøy i Sjernarøyane til jobben på sjukeheimen på Finnøy.,

Som tilsett i Stavanger kommune har ho kunna nytta ordninga nokre månader alt, noko som har gjort at ho har kutta reiseutgiftene kvar månad med 1400 kroner. På årsbasis blir det rundt 15.000 kroner.

-Det er flott, ein skikkeleg lønsauke, meiner ho.

Mest penger sparer dei pendlararane som har lengst reiseveg, frå Sjernarøyane. For 550 kroner i månaden kan dei ved å kjøpa ein hjem-jobb-hjem billet reisa så mykje dei vil som passasjer på hurtigbåt, ferje og på buss og tog i Stavanger, Sola, Randaberg og Sandnes. Og viss dei også får lyst til å ta ein tur til julebyen i Egersund i desember, er det også mulig, mot eit tillegg i prisen.

-Det er ei kjempefin ordning som vil spara oss for store reiseutgifter, det er heilt utruleg at me får dette, seier Bjørn Helge Havn til Øyposten. Både han og kona pendlar frå Nesheim i Sjernarøyane til Judaberg. Han jobbar hos Hesby Auto, medan kona jobbar på sjukeheimen.

Resultat av ny kommune

-Me kjem til å spara mange tusen på dette. Bare for meg reknar eg reiseutgifter på eit par tusen i månaden, som eg nå kan redusera med to-tredelar. Her har politikarane i gamle Finnøy jobba godt, spesielt Henrik Halleland har stått på, seier Havn, som ennå ikkje har fått ta del, men har søkt om å bli med, i ordninga.

,.

Bjørn Helge Havn og Tove Bergjord Tysdal er glad for den gunstige rabattordninga. Bergjord Tysdal har reiser på hjem-jobb-hjem billett både til jobben på Eidssund og til studiene på universitetet i byen.Tove Tysdal Bergjord kjem på hurtigbåten på Helgøy og er også begeistra for ordninga. Ho jobbar som pedagog på Eidssund men studerer i tillegg på universitetet på Ullandhaug.

-Nå kan eg bruka ein og same billett både på jobb og til universitetet, seier ho, og er overbevist om at det er mykje å takka Stavanger kommune at den gunstige reiseordninga nå også gjeld øyane.

-Eg trur Finnøy kommune skulle jobba hardt for å blitt med i dette. Men når me blei med i Stavanger, og det blei same kommunen, tvinga det seg fram også for oss, meiner ho.

Rettferdig

Linda Vestersjø frå Ombo jobbar på Innbyggartorget på Finnøy, og reknar med at ho sparer ein tusenlapp i månaden på hjem-jobb-hjem ordninga.

-Eg har kunna bruka ordninga nokre månader, sidan eg jobbar i kommunen. Det er rettferdig at den nå vert utvida til alle, også dei i private bedrifter, meiner ho.

Kjell Magne Bjerga frå Halsnøy er teknisk sjef på Grieg Seafood på Helgøy, og håpar også å få bli med i ordninga. Bedrifta har søkt om å få bli med, men først må 75 prosent av dei tilsette svara på eit spørjeskjema. Det håpar og trur han likevel skal gå greit.

Kjell Magne Bjerga frå Halsnøy jobbar på Helgøy i Sjernarøyane, og reknar med å spara rundt 800 kroner i månaden på hjem-jobb-hjem.

-Det er pengar spart som kjem på toppen av lønna, skattefritt. Dessutan gjer ordninga det lettare å bu på øyane, og kan kanskje bidra til at folk slår seg ned her, meiner han.