Norsk Tipping styrkar sitt bidrag til skolering og utvikling av barnefotballen og klubbutviklinga i den lokale breiddefotballen. Foto: Jon Asgaut Flesjå

FINNØY-RENNESØY:

Avtalen omfattar nemleg også viktige utviklings- og stimuleringstiltak for barne- og ungdomsfotballen.,

Dette gjeld støtte til trenarutdanning for dei yngste fotballspelarane gjennom lavterskeltilbodet  "Grasrotrenaren", som har vore ein stor suksess. Det same har også klubbutviklingskonseptet til sertifisering som  "Kvalitetsklubben", der det nå også vil bli tilført betydelege midlar. Dei lokale klubbane i både Finnøy og Rennesøy har vore flinke til å nytta seg av dette, etter det Øyposten har fått opplyst tidlegare, og mange har gjennomført kursinga.

Men dette er ein prosess som vil pågå kontinuerleg for ytterlegare å styrka både dei sportslege og organisatoriske sidene i dei fire lokale klubbane Mastra,Rennesøy FK, Finnøy og Fogn.

Dei siste åra har også ein del av desse pengane gått til den såkalla "Norsk Tipping" ligaen, på nivå fire i norsk fotball. Mange lokalaviser rundt omkring i landet ,har i dag gjort avtale om streaming av desse kampane på sine nettsider.

Generalsekretær i NFF, Pål Bjerketvedt, opplyser i ei pressemelding i dag, at også kvinnefotballen  i Norsk Toppfotballen vil bli betydeleg styrka økonomisk gjennom denne nye samarbeidsavtalen med Norsk Tipping.