Jan Terje Vignes sitt nye klimanøytrale anlegg blir det fyrste i verda i sitt slag. Foto: Lauvsnes gartneri|Jan Terje Vignes blir den fyrste tomatprodusent som legg om til klimanøytral drift i veksthusa. Foto: Lauvsnes gartneri

FINNØY:

- Dette er framtida, det er bra for oss og bra for miljøet. Skal me ha ei framtid i denne bransjen må me tenka langsiktig, og gjer dei tiltaka som skal til for å driva berekraftig. I og med at dette er fyrste gong, er det mykje å læra og å setta seg inn i. Heldigvis har det blitt gjort mange vellukka forsøk på Nibio på Særheim kor dei har spesialkompetanse på området, seier Jan Terje Vignes.,

Ved å legga om drifta vil produksjonen auka med opptil 40 prosent på same areal, samstundes som energiforbruket blir halvvert.

Million-investering

Enviornmental Control System (ECS) er namnet på teknologien som skal kommersialiserast ved anlegget på Lauvsnes. Svært forenkla betyr det at det skal lagast eit lukka økosystem inne i drivhusa som gjer at dei kan produsera klimanøytrale tomatar, utan bruk av kjemikaliar eller fossile kjelder, og med luftfanga CO2. Ein slik produksjon krev langt mindre energi og vatn og er såleis også meir lønsam på sikt.

Lauvnes gartneri lyser opp kveldshimmelen. (Foto: Rune Nedrebø)

- Men installasjonen er ikkje billig?

- Nei, sjølv om me har fått 20 millionar er det berre ein god start. Eg vil tru at prislappen fort kan bli mellom 60 og 70 millionar før alt står ferdig.

- Og når blir det?

- Planen er å starta bygginga og installasjon i sommar/haust og at anlegget kan ferdigstillast neste vår, fortel Vignes.

Seniorrådgjevar Boy Kåre Kristoffersen i Enova er svært godt nøgd med satsinga på Lauvsnes.

Første mann ut

- Dette er eit svært godt prosjekt som treff blink med tanke på strategi der fokuset er spissa mot teknologiutvikling som heilt eller delvis løyser utfordringane på veg mot lågutsleppssamfunnet. Etter fleire år med testing på NIBIO Særheim, saman med ein framoverlent og kompetent sluttbrukar, gjer at me kjenner oss trygge på at teknologien vil fungera. Det har ikkje vore lett å finna ein aktør i veksthusbransjen som har våga å vera «fyrste mann ut.» Difor er det all grunn til å gi honnør til Jan Terje Vignes, seier Kristoffersen.

Nyvinninga i drivhusa på Lauvsnes vil ikkje bli særleg synleg. Berre spesiallaga varmepumper og ventilasjonspølser langs veggene, er det einaste ein vil sjå av sjølve installasjon. På utsida skal eit basseng gravast ned i bakken.

Leverandøren GreenCap Solutions har som målsetting å få alle kommersielle dyrkarar med produksjonsareal over 5000m2 til å konvertera til ei lukka ECS løysing utan miljøutslepp. Ifylgje SSB er det per i dag (2018 tal) totalt 93 aktørar i Norge som produserer på  meir 5000m2. Målsettinga er at minimum 50 prosent av dei norske aktørane skal over på ECS løysing i løpet av dei neste fem åra.