Morten Hovet er kommunelege i Finnøy og Rennesøy kommunedel Foto: Arkiv

FINNØY:

Det seier kommuneoverlege i Finnøy og Rennesøy, Morten Hovdet til Øyposten i dag.,

Dei som er yngre enn 65 år vil få ein sms frå kommunen, og må registrera at dei ynskjer vaksine.

- Først får dei som har underliggande sjukdommar tilbod. Vaksineringa byrjar i Stavanger (Forum Expo), men om nokre veker startar me opp i Fleirbrukshallen på Judaberg og Mastrahallen på Mosterøy, seier Hovdet.

Mange i den sistnemnte gruppe fekk ein sms i frå kommunen i helga med beskjed om å registrera seg, men ikkje alle klarte å gjennomføra registreringa. Kommunen sendte ut 10 000 meldingar som systemet ikkje klarte handtera, og kollapsa, men feilen er retta. Alle må registrera seg for å få vaksine.

- Eg ber folk fylgja med på kommunen sine heimesider, der ligg det oppdatert informasjon til ei kvar tid, seier Hovdet.

Eller du kan sjekka:https://finnoylegekontor.nefle.no