STAVANGER:

Kommunebonden skal ikkje læra byassane sunt bondevett, men syta for at beitande husdyr held landskapet i hevd.,

- Ja, det er det som er målet, så kan det jo komma andre gjeremål etter kvart. Med dei nye kommunedelane har Stavanger blitt ein kommune med svært mykje grøntareal. Det er store område på Hundvåg, i Sørmarka, Vålandskogen, Vaulen og fleire andre stader i kommunen som kunne trenga solid landskapspleie, og kva er då betre enn å gjera dette på ein naturleg og berekraftig måte. Me tenker å bruka geiter, sauer eller andre eigna dyr, med elektronisk geofencing. Det betyr at til dømes geitene går laust innanfor eit digitalt oppmerka  område, og gjer den jobben dei skal. Dette har blitt gjort mange plassar rundt om i landet med stor suksess, og ikkje minst i Finnøy. Me hadde sjølve ei god oppleving av det i sommar då 12 geiter frå Bø besøkte oss i fleire veker. Tanken er at kommunebonden skal leia arbeidet med å koordinera arbeidet og setta ut geiter på områda som skal ryddast, seier Egeland

- Skal kommunen gå til anskaffing av eigne dyr?

- Ja, det kan vera ein tanke. Eller at kommunen koordinerer eigen besetning saman med dyr ifrå andre som til dømes skulle trenga større areal, det ka jo godt tenkast. Detaljane er ikkje klare ennå, men eg tenker det er fleire måtar det går an å løysa dette på. Uansett vil ei slik løysing trekka landbruk og dyrehold tettare inn mot byen, og alle delar av kommunen får eit rikare og meir mangfaldig miljø, seier Jarl Endre Egeland.

Forslaget er med i Høyre sitt opplegg for neste års Stavanger-budsjett, kor det er sett av ein million kroner årleg til tiltaket.