Harald Faa har skrive dette innlegget til Øyposten.

Ja, årenes år.

Rune truer meg med å sei opp Øyposten eg held, visst eg ikkje skriv meir! Vel, vel, den var visst litt dryge, eg og Rune spelar godt på lag. Det Rune ikkje veit, det veit eg, og det Rune veit det veit ikkje eg.

Ja, som sagt så for eg litt lettvindt over Judaberg. Den gong var Judaberg livleg, i dag er hus og folk borte.

Judaberg 1950, og i dag. Mykje har endra seg, og endringane pågår fortsatt, for fullt. Foto: FOTO: Ryfylkemuseet

Peder Asheim, var ein sjøens mann, og heimen hans var der blomsterbutikken er i dag. Han frakta ting til Finnøy, kol og koks til drivhusa. Då middagen kom på bordet fekk og lastebilsjåførane middag, ein skikkeleg middag, så ingen gjekk svoltne frå det bordet. Peder hadde og søner som gjekk sjøvegen, men som er borte i dag. Han hadde og tre jenter, i dag er det bare Magda igjen. Ho er enke, men for ein snill mann ho hadde, som vi var saman med på bussturar. Han hadde alltid ei god historie på lur, så vi to kom godt ut av det.

Plass til tre på same do'en

Som eg skreiv tidlegare var det eit uthus i hagen mellom meieriet og handelslaget. Eit langt hus med vedaskut, vaskekjellar og do. Meieriet hadde det i brystet av huset, handelslaget hadde litt større do kor det var plass til tre stk om gongen. Her slapp ein å stå i kø. Nedanfor Peder Asheim hadde handelslaget bakeriet. Bakaren bakte kun for handelslaget, mens Anton Kvalvåg bakte både for Sjernarøy, Fogn, Reilstad og kanskje fleire. Bakar Håkonsen hadde god utsikt over kaien når hestastallane var borte. Var det ein bonde som kom ned til pakkhuset for å henta ein eller to mjølsekkar, og hesten gjorde sitt fornødne, ja då var ikkje Håkonsen sein med spade og bytta for å berga hevda. Han brukte den i hagen, på oppsida av handelslaget. Men det hendte han blei for sein, for krambugutten sopte sjiden på sjøen til stor skuffelse for Håkonsen.

Det merkelegaste eg opplevde som guttunge, var eit snodeg kjøretøy. To store bakhjul og to små framhjul, dei kalte kjøredoningen for traktor. Det var Henrik Vestbø på Nådå som var innehavar av doningen. Ja, verden er i endring. Folk reiste til byen, det var bare to båtar til Stavanger, Sjernarøy kl. 8.15 og Fjorddrott kl. 11. Heim igjen til Judaberg kl. 17.40.

Hadde vore i byen

Olav Vestbø hadde ein litt stor bil som kunne ta passasjerar. Denne historia fortalte Olav sjølv. Det kom ei kjerring og spurte Olav om han var fodle, visst ikkje ville ho sitja på. Stakkar Olav, det hadde vel vore bedre og spurt på ein meir folkeleg måte, men husk ho hadde vore i byen, alle tåler ikkje slike turar.

Nå må vi ha litt frå 18-hundre talet. Det er historier etter far min. I hans guttedagar var han og Hans Haga på Nådetre og sette poteter. Kona på Tre hadde det artige navnet, Steinvor. Som belønning for jobben fekk dei noko som gjekk under navnet tettamelk, noko langt, seigt. Far kasta opp, men Hans fekk det til å sitja, kanskje han var svolten.

Titt og ofte tok Steinvor turar i skog og mark. På ein av desse fann ho ein daue sau, ho kjente på den, den var fortsett varm. Ho tok sauen med heim, reiv ut innmaten, før ho la sauen i Nådåbekken i rennande vatn over ein periode på 3-4 veker. Deretter havna kjøtet i gryta, alle blei mette og ingen sjuke. Dei blei gamle folk.

Godt me har fått "Heimen"

Vel heima frå Steinvor fekk far ny jobb. Å følgja ei gamal dame frå Faa til Hauskje, dei kalla dette legd. Ho budde 14 dagar på kvar gard. Enkelte gonger hadde dei det bra, etter som bonden hadde råd. Då far skulle følgja henne slo ho etter han med staven. Ho ville ikkje frå Faa, men bestemmelsen var tatt. I dag har vi gamleheimen, kor ein har det godt. Eg har prøvd, og har bare godt å seia.

Folk døyde også då. Kvart gardstun hadde sine vegar til kyrkja, for det var ingen skikkeleg veg då. Var det vinter, var det hest og slede på god snø. Ellers på året, då snøen var borte, måtte ein bera kista. Dette blei gjort på skift. Når dei hadde pausar, sang dei ei salme og ordet var fritt. Vedkommande som låg i kista fekk bare gode ord, bare så synd at han ikkje fekk med seg all rosen. Kanskje er det slik at etter at livet har ebba ut, kjem rosen? Til sist kom dei til kyrkjegarden kor det hellige ritualet blei gjort av presten.

Etterpå var det fort heim, då vanka det alltid ein god middag. Som far min sa, var det dei som såg om det var folk i bygda som begynnte å skrante, og dei dermed kunne sjå fram til ein god middag! Eg har alltid høyrt at emiserane reiste rundt då lamma kom frå fjellet! Men husk, menneska lever ikkje bare av mat!

Nå får det halda. Håpar eg ikkje har fornærma nokon, og kan sjå folk i auene.

Harald.

Dagens vits: Kona viste ikkje at mannen drakk før han kom heim frå arbeid, fastande.