STAVANGER:

Kutta i hurtigbåttilbudet blir teke forsiktig neste år. Mellom anna blir forslaget om kutt i Sauda-ruta droppa, og det same gjeld sambandet frå Judaberg til Hjelmeland. Også Kvitsøy-ruta blir spart, mens ruta til Nedstrand/Hebnes og Sandeid i helgene blir kutta.,

Det er klart etter at fylkesutvalet tysdag behandla forslaget til kutt i hurtigbåtrutene. Det skal nå setjast ned eit tverrpolitsk utval som skal koma med forslag om korleis dei store kutta som må til kan gjennomførast frå 2023.

Fytlkesvaraordførar Arne Bergsvåg peika på at det er sju hurtigbåtar som i dag trafikkerer Ryfylke, og at det må vera mulig å effektivisera dette.

-Me har både fått Finbnfast og Ryfast som gjer det mulig å erstatt båt med buss. Dessutan har me fått auka frekvens i Finbnøysambandet, som gjer at eg trur me skal få til å landa dette på ein god måte, sa Bergsvåg, som la til at forslag om kutt skal leggjast fram både for berørte kommunar og for brukarane av hurtigbåtane. Det politiske fleirtalet er også tydelege på at det fortsatt må vera eit godt hurtigbåttilbud til dei indre deler av Ryfylke.

Det er kutt i løyvingane frå Staten som gjer at fylket nå må kutta i hurtigbåttilbudet. Men frå fleire parti blei det understreka at kampen for å snu dette ikkje er gitt opp.

-Men det har vist seg svært vanskeleg for Rogaland å skaffa seg allierte i denne saka både i andre fylke og i alle parti, sa Ole Ueland (h) mellom anna.