Tredje slåtten var rik på protein, opplyser Norsk Landbruksrådgiving Rogaland (NLR).

Mjølkeproduksjonen er sjølve bærebjelken i landbruket, også i Ryfylkeøyane. Fortsatt er sysselsettinga i denne delen av landbruket stor, og for ein stor del basert på lokal arbeidskraft. Det har gitt stabile inntekter og forma mykje av kulturlandskapet slik me ser det i dag.,

Samstundes veit me at Tine har problem og må spara pengar. Avviklinga av eksporten av Jarlsberg-ost er ein viktig faktor som forklarer problema. I meieriet sine lokaler på Grannes i Sola er det ledige kontorplassar, og det kan difor sjå ut som eit opplagt val å seiea opp leigekontrakten for to tilsette på Finnøy og flytta dei til eigne lokaler på Sola.

Men avgjerda om å flytta og sentralisera rådgivingstenesta til Sola framstår likevel som korttenkt.

Mjølkeproduksjonen i Ryfylke er i tilbakegang. Stadig fleire fjøs blir ståande tome, med den følgje at produsentmiljøet blir svekka. Det er ei utvikling heller ikkje Tine kan sitja roleg å sjå på, vil me tru.

Me har den tillit til meierisamvirket at det har ein  overordna strategi for verksemda som ikkje bare handlar om høgast mulig mjølkepris. Det er sjølvsagt avgjerande at bøndene får godt betalt, men det er også viktig å halda på produksjonen i utkantane.

I alle år er det blitt rekna som verneskogen for landbruket i dei sentrale områda. Fell det ut er det færre argument for å beskytta det gjenverande landbruket mot konkurransen utanfrå.

Tine si avgjerd om å flytta frå Judaberg står i motsetning til dette. Det kan også fort sjåast som eit signal om at mjølkeproduksjonen på øyane blir nedprioritert. I staden for å spara på skillingen og la krona gå, burde kanskje Tine heller tenkt offensivt om korleis mjølkeproduksjonen på øyane kan styrkast.

Det er også eit urovekkjande signal at avgjerda skapar så få reaksjonar lokalt. I alle fall har ikkje me registrert noko korkje frå tillitsvalde i bondeorganisasjonar eller frå politisk hald. Det finn me merkeleg.