Finnøyelgen kom symjande til Finnøy, og har truleg tatt vegen vidare til Rennesøy.

RENNESØY

: -Me var nødt til å fella han av hensyn til dyrevernet, seier viltforvaltar Vegard Ankarstrand i Stavanger kommune til Øyposten.,

Det elgen blei først observert oppfor Vikevåg og seinare i området ved Østhusvik for to-tre veker sidan.

-Men elgen hadde skada seg, den eine foten bare hang og slang. Eg ga difor beskjed om at han måtte fellast, og det var kommunen sine folk som tok seg av jobben, opplyser Ankarstrand.

-Hadde han teke veien gjennom Finnfast-bommen, kanskje?

-Han tok nok fjorden, dette er kjempeflinke dyr til å symja, seier kommunen sin viltforvaltar, som er ganske trygg på at det er elgen som først blei observert på Finnøy som nå er skoten.

-Det blei vel eit stusseleg tilvære å gå som ungkar på Finnøy i lengda?

-Det ville ikkje vore noko problem, han hadde ingen problem med å koma seg vidare. Slik sett var det synd at me måtte fella han. Men me ser ofte at elg her på Vestlandet har skader etter fall.

-Blir det elgsteik i kommunen nå?

-Nei, elgen blei kassert. Det hadde sett seg betennelse der han var skada, så dette var ikkje menneskemat, seier Vegard Ankarstrand.

Elgen blei først observert på Finnøy i begynnelsen av september.