Marianne Chesak skal klippa snora på brua

Fylkesordførar Marianne Chesak får æra av å klippe snora på Helgøy bru.

Publisert:
Helgøy i Årdalsfjorden med nybrua.

– To år og åtte månader etter at fylkestinget vedtok Helgøy bru, er brua klar for åpning. Det er vel bra? smiler fylkesordførar Chesak.

— Nåblir innbyggarane på Helgøy landfaste. Eg trur både innbyggarar og næringslivet, spesielt dei som driv med fruktdyrking, er glade for å bli landfaste, seier fylkesordføraren.

Rogaland fylkeskommune inviterer til offisiell opning på Helgøy laurdag 18. juni klokka 11:50.  Programmet på opninga består av talar, kulturelt innslag, barneløp og feiring på Epleriet for inviterte gjester.

Fylkesordførar Marianne Chesak

Arbeidet med å gjere øya landfast starta våren 2020. Den siste store milepålen var i vinter: Då dei seks 600 tonn tunge elementa, som er sjølve brua, blei løfta på plass av eit kranskip. Elementa er montert på 17 stålrørspelar, som er festa i havbotn i Helgøysundet.

— Peling i sjø er alltid utfordrande. Vi var avhengige av godt vêr då vi skulle heise bruelementa på plass – og det fekk vi. Samarbeidet med entreprenør og andre har vore heilt topp, så nå gler vi oss stort til opninga, seier prosjektleiar Åsbjørn Søyland i Rogaland fylkeskommune.

Etter opninga av brua blir det folkefest resten av helga med mellom anna løp, aktivitetar for heile familien og konsert.

Dette er fylkesveg 635 Helgøy-Mosnes:

  • Helgøy bru er 290 meter lang og fire meter breid. Totalt er prosjektet 1880 meter veg med eitt køyrefelt og møteplassar.
  • Eit totalentreprise-prosjekt (som betyr at entreprenør prosjekterer og bygger) med ei kostnadsramme på 72 millionar kroner.
  • Hovudentreprenør: Vassbakk & Stol, i arbeidsfellesskap med Skanska, som har prosjektert og bygd brua over Helgøysundet.
  1. Rogaland fylkeskommune