Halleland tar skjenking på Innbyggartorget opp med ordføraren

Krfs Henrik Halleland varslar at han vil ta skjenkeløyvet til kaféen i Innbyggartoget opp med ordføraren. -Det heng ikkje på greip med skjenking her, meiner han.

Henrik Halleland (krf) likar ikkje at det er gitt skjenkeløyve til Innbyggartorget.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY

: Krfs Henrik Halleland kjem til å ta skjenkeløyvet til Innbyggartorget opp i formannskapet 12. mai. Det opplyser han til Øyposten.,

-Eg kjem til å gjera det i form av eit spørsmål til ordføraren, seier Halleland på telefon frå Huston, kor han deltek saman med delegasjonen frå Rogaland på oljemessa i byen.

Krf sin gruppeleiar synes ikkje noko om at det er gitt lov å skjenka øl og vin i ordinær åpningstid på Innbyggartorget.

-Dette skal mellom anna vera ein møteplass for barn og unge, kor dei kan jobba med lekser. Då heng det ikkje på greip at det skal serverast alkohol der, er mi meining, seier Henrik Halleland.

-Kva med å servera utanom åpningstidene til kaféen, slik det er planar om?

-Det er noko heilt anna, svarar Henrik Halleland.

Bygdakokken Joakim Moberg Wiborg har søkt om skjenkeløyve for å kunna tilby folk eit glas vin til maten på Innbyggartorget. I tillegg ynskjer han å ha lukka arrangement som vinkveldar og cidersmaking utanom åpningstida.

Publisert: