Det vaker kulturlandskapet på Helland på Rennesøy er av nasjonal interesse. Forslaget går ut på å byggja kraftlinjer her.

Lnett foreslår å byggja dei nye kraftlinjene frå Randaberg til Rennesøy gjennom noko av det mest verdifulle kulturlandskapet som finst, ikkje bare i øyane men nasjonalt, skriv Øyposten på leiarplass.,

Det er ikkje lenge sidan Riksantikvaren bestemte at landskapet kring Mastrafjorden skulle vera med i KULA-registeret. KULA står for kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse.

I Rogaland er Mastrafjorden-landskapet i fornemt selskap mellom anna med Lysefjorden, Hafrsfjord og Jærkysten.

Etableringa av KULA-registeret møtte tildels sterk motstand lokalt, men nå kan likevel registeret visa seg å vera ei føremon. Det kjem i alle fall til å bli brukt som eit viktig argument for å hindra bygging av luftspenn gjennom landskapet.

Det seier seg sjølv at ei ruvande kraftlinje vil redusera opplevings-verdien av det unike landskapet.  Men for ordens skuld må me påpeika at det er kraftlinjer i Lysefjorden, og menneskelege inngrep både på Jærkysten og i Hafrsfjord.

Likevel er Mastrafjord-landskapet mindre berørt i forhold til andre, og difor kanskje lettare å vinna kampen for å bevara som det er.

Dessutan er forbindelsen frå Randaberg til Nordbø på Rennesøy ein prøvestein på om det blir luftspenn eller kabel i sjø og på land frå Strand over Fogn og Finnøy til Nordbø på Rennesøy.

Viss NVE går for luftspenn frå Randaberg til Rennesøy, kan det bli tungt å argumentera for at forbindelsen andre vegen ikkje skal vera det same.

Difor blir det spennande, ja beint ut nervepirrande,  å sjå kva avgjerd NVE landar på her. Det er viktige naturverdiar som står på spel,  og det sterke lokale engasjementet er prisverdig.  Det er nødvendig, for frå NVE si side blir det understreka at det ligg føringar frå Stortinget om at luftspenn i utgangspunktet skal vera den foretrukne løysinga.