Storm i kasta og ruskever i vente
Det ligg an til å bli ein skikkeleg ufysen januarkveld og -natt, med mykje vind og regn.
Denne artikkelen er over ett år gammel
FINNØY-RENNESØY:
På Yr blir det meldt om kast heilt oppi 23 meter per sekund i løpet av kvelden, noko som er på grensa til full storm å rekna. Dessutan kjem det nedbør. Vinden skal auka på mot kvelden, og halda det i natt. Vindretninga er frå nordvest. Først mot kvelden i morgon, torsdag, skal vinden roa seg.